mandag 10. november 2014

På tide med litt blogging i igjen?

Det er vel på tide med litt skriverier og anna tullball etter lengre tids pause, det er no så rart med det, tida går fort og vips,..så er det halvanna år sidan sist eg skreiv noko.  Så til stor lettelse for publiken. så er eg framleis fullt oppegåande, og slit både joggesko og treningsklede! ; )

Starter forsiktig med eit lite skrableri i full fart, så for eg ta ei lita oppsummering av løp og motbakker etter kvart.


Haust

Det er mørkt
Lufta stryk deg lang kinnet
Den er kald

Pusten går
Sko mot grus
Oppover oppover oppover

Tankane svirrar
Kroppen jobbar
Lykta viser veg

Det svir i låra
Pulsen slår
Oppover Oppover Oppover

Opp på toppen
Av med lykta
Det er eg og stjernene…





( og som alle andre bloggera så satser eg sjølvsagt på å ha dette som levebrød.....)    hehe!

søndag 2. juni 2013

Regn, skodde og Blåfelden!

Eit år går fort, det er faktisk eit heilt år sida eg skreiv første innlegget på denne beskjedne bloggen, og sida dei første linjene handla om Blåfelden rett opp, ja så seier det seg vel sjølv kva dette innlegget skal handle om, ja du gjetta rett... Blåfelden Rett Opp 2013.

For to veker sidan var eg heilt sikker, det vert ikkje nokon Blåfelden på meg i år, kroppen var framleis ikkje i særleg godt slag så her gjaldt det å prøve å finne forma til Geiranger i midten av Juni. Men så, på den lange fjellrunda for ei veke sidan fekk eg for første gong på lenge følelsen, ja den der gode følelsen av trøkk i beina og ein kropp som hadde noko å gi, sjølv etter ein time med godt tempo hadde eg litt å gi i bakkane, klokka viste også at dette var omlag som tidene for eit år sidan. Det gjer fantastisk godt for motivasjonen å endeleg få ein peikepinn på at ein er på rett veg!

Blåfelden hadde eg no sett strek over, så her var fokuset på Geiranger og lange jamne asfaltbakkar, viktig å finne rette kombinasjonen av steglengde og frekvens, ei fart ein kan halde lenge. Men så, onsdagskvelden melder løpskompis Harald Svein, som også har vore plaga med skade og trøbbel i vinter at han vil stille, vil eg? Tja, ein vert no freista av slikt, og han seier at han tek det som ei god treningsøkt, hmm...det kan vel eg og? Ok, eg er med!

Å stille til start uten særleg forventningar til resultatet er rimeleg behageleg eigentleg, men der er rart med det, spenninga i kroppen og stemninga iblant deltakarane er akkurat som vanleg, ingen er i form og alle er skeptisk til korleis løypa er etter mykje nedbør....
Harald Svein og eg legg lista på 60 minutt, det bør vi vel greie? Ingen av oss har peiling på korleis forma eigentleg er, om litt får vi svar, for denne motbakken er dønn ærleg.

Eg leitar etter godfølelsen på oppvarminga,men finn den ikkje, kroppen verkar tung..,det luktar slit og nedtur lang veg, dårleg form, dårleg opplading og dårleg dagsform? Minutta før start har eg eit mentalt fokus, er ærleg med meg sjølv, dette vert eit blodslit, ein vil kjenne syra etter kort tid, det er smerteterskelen det kjem an på,..men det er slik eg likar det ,er det ikkje? Det er no akkurat dette eg trenar time etter time for å greie, det er no det gjeld! «PANG»

Sjølve løpet huskar ein ikkje så mykje av, det er fullt fokus på neste steg, halde avstanden til løparen framfor og prøve å kjenne på tempoet, kan eg auke tempoet? Greier eg å passere neste løpar utan å bikke over og gå på ein smell? For det er slik det er, du ligg heilt på syregrensa heile tida, og berre den lisje farts-auka, eller dei ekstra lange stega du må ta for å passere ein løpar kan vere nok til at du går rett i fella og vert stokk stiv.
Steg for steg....  (foto: Bjørn Skoge)

Vel, tilbake til løpet, det startar som vanleg i høgt tempo bort etter vegen, ingen vil vere den som kjem attast i køa når alle skal inn på ei smal rås, eg prøver å halde meg langt framme, men tempoet er i høgste laget og eg er no ein typisk «slow starter», ein får alltids brukt kreftene tenkjer eg, og finn min plass i rekka av løparar som smyg seg oppetter bjørkeskogen.
Over tregrensa er det berre å gi det ein har, eg registrerer at det er kjentfolk langs løypa, prøver meg på ein skvett cola,..men å drikke med 185 i puls er ikkje enkelt, eg ligg heilt på grensa og ser at Harald Svein ligg like bak, er usikkert på om det går fort nok. Siste biten inn mot mål er det berre å bite tenna saman, presse ut siste kreftene og passe på å ikkje snuble, eg kastar eit kjapt blikk på klokka i det eg spurtar i mål, er sikker på at eg ser feil og må sjå ei gong til..kan det vere sant? Berre nokre få sekund frå pers?

Harald Svein kjem i mål eit knapt minutt etter med solid ny pers!

Eg går berre rundt å smiler, eit skikkeleg blodslit, men det er slik eg likar det er det ikkje?

Det er to muntre karar som tuslar letta nedover råsa i duskregnet........


( og så er det berre to veker til Nibbeløpet i Geiranger!)

søndag 12. mai 2013

Lytt til pulsen, den prøver å seie deg noko....


Det er tirsdag og trening, eg har varma opp og er klar for ei økt med motbakkeintervall, første draget går greit, på det andre er det stopp, kroppen vil ikkje, eg prøver å trykke til men der er liksom ikkje noko å hente. Eg har hatt ein liten mistanke ei stund, om at noko er gale, no er eg heilt sikker.
Kroppen er rett og slett ikkje i form, eg har gått på ein treningssmell....

Så kva har skjedd?
Seinhausten og førjulsvinteren var forholdsvis roleg treningsmessig, 3-4 økter i veka, mesteparten roleg i terreng eller langs veg. I slutten av november vart det kneppa til eit hakk, 4-5 økter og ein del harde økter, dette gjekk no flott, forma var rett god ved juletider, og inspirert av god framgang i treninga, så kom tanken, her er det berre å gi gass.... Med enda eit lite knepp opp på treninga og flott vintervær gjekk vekene med trening fort, kroppen fungerte greit, og takla treninga greit, ja det var slik eg følte det i alle fall.
Eit stykkje ut i februar kom den snikande, ein følelse av at kroppen var trøtt, treninga gjekk litt tyngre og eg mangla liksom litt av gnisten. Men slik er det vel, tenkte eg, det går vel litt opp og ned med sopass mykje trening. Det er vel berre å kjøre på!

Mars vart blytung, for det var ikkje før langt ut i denne månen eg tok hintet. Ein godversdag tok eg den lange faste fjellrunda som eg har gjort så mange gonger før, ein flott knappe 2 times tur i kupert terreng, starten gjekk bra, men når eg skulle til å trykke til litt så var det tomt, eg hadde ingenting å gi... Med så mange treningstimar i bagasjen skulle då dette gå som ein leik?

Her var det noko som ikkje stemte....,kva gjer eg no?

Eg tok eit par ekstra kviledagar, korta ned på nokre treningane og satsa på at overskotet skulle dukke opp etter kvart. Slik vart det ikkje. No når forma etter planen berre skulle verte betre og betra, ja , så vart den heller dårlegare for kvar veke som gjekk, utruleg frustrerande å ofre så mange timar til trening, og går ting så tregt....

Internett kan brukast til så mangt, også til å finne ut meir om kondisjon og trening, no må ein ikkje ta alt ein finn som god fisk, men hovudpunkta er vel slik:

-For utøvarar som treng god uthaldenheit bør 70-80% av treninga fore gå med ein puls om ikkje er høgre enn 70-75% av makspuls. Spesielt i grunntreningsperioden der treningsmengda er høg.
-Berre nokre få økter i veka skal ein ha høg intensitet (opp mot makspuls), og det er viktig at kroppen får god restitusjon etter desse øktene.

Her er det nok eg har feila, eg har ikkje vore flink nok til å skilje mellom dei harde og dei rolege øktene, slik at mange av dei har blitt sånn halvharde ( eller lapskaustrening som Øystein «pølsa» Pettersen kallar det)
For å finne ut av dette, var det berre å krype til korset og kjøpe pulsklokke, noko eg har vore litt motstandar av med tanke på motbakkeløp, der eg meiner at det er best å kjenne kroppen og kvar mjølkesyre grensa ligg uten å måtte stole på ei slik klokke. Dette fordi det er vanskeleg å ha ei lik løype å teste i på trening som det ein har i desse harde løpa.

Vel, klokke vart det i allefall, og eg var rimeleg spent før den første treningsturen, makspuls var berekna til ca 186 ut frå snittet av fleire anbefalte utrekningsmodellar. Det sikraste er å teste denne i ein passeleg bratt bakke, noko som vert gjort ved eit seinare høve.
Ei mil i roleg tempo går vel greit tenkte eg, men her fekk eg verkeleg beviset på galskapen,..det var nesten vanskeleg å tru at eg verkeleg skulle springe så roleg som pulsen tilsa, kunne dette stemme?

Jepp, vitenskapen stemmer nok, det er berre at kroppen min ikkje er vant med såpass rolege økter, noko som igjen eit teikn på feiltrening /intensitet.

Ok, eg har bomma, eg har vore for ivrig, eg har kjørt kroppen rett i kjellaren og eg burde nok vist betre. Det er vel slike feil ein lærer av håper eg, trøysta er at det er mange store idrettsnamn som har tatt medalje etter å ha gjort akkurat same feilen... ; )

Så då er spørsmålet, Kva gjer eg så? I verst fall kan heile sesongen gå i vasken, i beste fall kan eg stille på Blåfelden opp i starten av juni, det kjem berre an på kor langt nede kroppen er , og korleis den reagerer på opptreninga. Etter nye nettstudier og råd frå Øyvind Sandbakk så har eg trykt på «reset» knappen, kutta all trening i to veker, og så vidt starta på eit treningsprogram for opptrening som er anbefalt av sjølvaste Olympiatoppen.....dette må då gå bra?
Viktig å ha trua i alle fall, vi får satse på ein god seinsommar/haust i år med Skåla som hovudmål, viktig å ha eit mål å trene mot, forhåpentlegvis er forma sopass at eg kan delta på Blåfelden og i Geiranger sjølv om tidene ikkje vert på nivå med fjordåret.

Dette blogg innlegget er vel kanskje mest for spesielt interesserte , men slik er no stoda i alle fall, litt motgang må ein tåle, og det er vel ikkje SÅ viktig med denne treninga er det vel?

Her kjem noko viktig folkens:
For deg som tek deg ei,to,tre eller fire økter i veka, så ikkje tenk så mykje på dette med puls,då er det viktigast at du varier treninga og trener på ein måte du synest er kjekt og ikkje går lei. Det er viktig at ein får ein positiv oppleving av heile greia, treninga skal ikkje vere eit ork, men kanskje meir eit «friminutt» i ein hektisk kvardag!

Ellers er det ei fantastisk flott tid no på våren, enten du går på fjellet eller langs veg, så ser ein forandring rundt seg frå gong til gong, graset vert lenger, lauvet sprett på treda, fuglar som syng nydeleg i bakgrunnen, lukt av kvitveis og andre vårblomar....så kom deg ut, og husk at ein tur er mykje betre enn ingen tur!


Lykke til, både til deg og meg!

lørdag 22. desember 2012

Er vi på rett veg?


Eg tek det i meg, eg undrar...kvar vil dette ende hen? Eg står på eit kjøpesenter i desember, pose på pose med varer er på veg ut dørene,..stressa småspringande foreldre med eit haleheng av sure ungar på slep..., småsvette karar som ser visakortet bli raudglødande, sånne som meg som virrar omkring i ubestemmeleg retning undrande på kva ein skal finne på i år...

Det er noko med det, JUL..., ordet har liksom eit sus av forventning over seg, og det trur eg dei aller fleste av oss har, vi har litt forventning til Juletida. Men kva er det eigentleg vi forventar, eller vil at desse dagane skal vera?
Desember har vorte den store handlemånaden, julegåver er no greit nok, men desse store butikkjedene har vist bestemt at det meste du har av elektronikk og slikt i heimen er gammalt og umoderne, og at du er tulling om du ikkje kjøper det aller siste, og du må i alle fall kjøpe det til jul må vite.

Heile hausten har ein gjerne jula som ei gulrot å sjå fram til, for då skal vi kvile oss, ta livet med ro og bygge opp overskot til å møte ein mørk og kald januar, men vert det slik? Tja, for nokon kanskje, dei som har lært seg kunsten.... Dei aller fleste i dagen samfunn startar allereie tidleg i desember med å bygge opp stress og heise skulderblada opp under øyra, siste veka før jul greier dei knapt puste, og når julaftan kjem og ribba kjem på bordet er dei så gåen at dei mest har lyst å legge seg. Det er vel ikkje slik det skal vere?

Julefeiringa er sterkt prega av tradisjonar,og ting skal vere som det alltid har vore, og aller helst som det var når vi var små,... kven huskar ikkje ein julaftan formiddag som aldri tok slutt, mandelen i grauten ein aldri fekk, og klokka som aldri vart fem?
Men når lukta av dampa fåreribbe endeleg dukka opp på kjøkkenet, og mor dekka langbord i stova, viste vi middagen straks var klar. No var det vel eigentleg ikkje maten vi venta på? Vi gjekk alltid rundt juletreet, song etter song, runde på runde, det tok liksom ikkje slutt, for hadde vi ikkje gløymt ein song kanskje?

Så var det sjølve finalen då, eit berg av pakkar i alle former og storleikar,skal tru om den store der er til meg?
Slike kveldar sovnar ein med eit smil om munnen, godt fornøgd med alle dei flotte tinga ein har fått, av både brukelege og ubrukelege ting. Juledagsmorgon...ein av dei beste morgonane for heile året, vaknar og lurer på om gåvedrysset kvelden før var berre ein draum, mor lagar til ekstra god frukost medan ein kikar gjennom sine nye eigendelar.... Slik var det før, eller i alle fall då eg var yngre. Kanskje er det noko av dette vi gjerne vil at jula skal vere?

No er det berre nokre få dagar til Julaftan, så senk skuldrane, du rekk det meste i år også, ta deg tid til å kjenne på julestemninga, det er ingen krise om øverste hylla ikkje er vaska, eller om juletreet står litt skeivt på foten. Det er praten rundt frukostbordet og slekts diskusjonen under middagen du huskar, det er ingen som tel kake sortar under juleselskapet, for det er den gode kommentaren og gjensynet med slekta du tenkjer på i ettertid.

Så folkens, ha ei aldeles strålande jul, og det du ikkje rakk i år kan du vel alltids rekke til neste jul...,og for all del, ein trimtur mellom kakeslaga skader aldeles ikkje!!


GOD JUL!




søndag 14. oktober 2012

Starten,...av galskapen


«So det er du som liksom skal vere den spreke her?..........» 


Vel vi får vel kanskje ta det frå starten av :

Januar 2010, ryggen er krank kroppen er tung, og dagane er lange i vintermørket, eg har god tid....avisa vert studert rimeleg nøye, kaffi og avis er no ein brukbar start på dagen! Eg legg til merkes denne annonsa frå Åst, kanskje hadde nokre veker som dreng på Reindalsetra vore flott til sommaren?

Etter nokre dagar der tankane stadig streifar innom dette, så er søknad sendt. Det kan ikkje skade å søkje i alle fall!


Juni 2010, eg er spent og klar for 4-5 veker i Tafjordfjella, veit lite om kva som ventar, men andre har overlevd, så då går det nok bra med meg og...
"Kva har eg gløymt"? Tenkjer eg i det eg startar bilen, vel eg finn det nok ut etter kvart.

I Valldalen stoppar eg og plukkar opp ei frøken som også skal til seters, ho ser sprek ut og kjem frå Bærum. Vi er nok like spente begge to i det vi selar på sekkane og legg i veg frå parkeringsplassen. Ho har stor sekk, eg ser omtrent berre skoa og hårtustane der vi ruslar langs vatnet, kan dette gå bra opp dei bratte bakkane? Eg trudde eg var i brukbar form, men med gode 100kg og tung sekk , får eg fasiten rett i fleisen i det høgdemeterane sig på, eg slit med å halde følgje.
Oppmuntrande......

Eg bergar meg opp første kneika, heldigvis er Reindalsfossen stor, og ei lita turistpause vert berginga, neste bakke vert verre, sveitten silar og det skrik i lungene. Heldigvis er det fleire som slit i bakken, opp i bakken står dugnadsfolk og kvilar,...takk og pris. Ein ting er i alle fall sikkert, her må det trimmast!

Dagane på setra går sin gang, mykje å få orden på i starten, og treretters middag kvar kveld er vel ikkje gunstig i lengda, trimming? Neeee,..i morgon kanskje!

Søndag startar med flaggheising, fortsetter med brendsnut til lunsj og rjomegraut til middag, magen er vel meir som eit trommeskinn..., men det er då ho kjem, ho Ingvild.

Ein kveld eller to seinare sit vi på terrassen etter ein stauta middag, trim har det framleis vore lite av, men ho Ingvild er sprek, volleyballspelar og greier, ho ser litt overberande på meg og seier»So det er du som liksom skal vere den spreke her?..........»

Dagen etter hadde ho sprunge opp til ei gammal furu, på tid.

Då var det gjort, konkurranseinstinktet var tent......let the game begin!!



(Ho slo meg med 9 fattige sekund det året, men det skal aldri skje igjenn....)



Eg held oppe steamen ut over seinsommaren, og deltek som mosjonist i Skåla Opp, sjølve gromløpet av motbakkeløp i norge. Turen opp går fint, og eg får følelsen av å vere i form, denne herlege følelsen av at ein kan fortsette oppover sjølv om ein er gåen, sjeldan vare!
Eg er på toppen etter vel to timar, og på turen opp har ein ide teke form i tankane, ...kor mykje betre form kan eg koma i i løpet av tre år? På veg ned steinura har eg eigentleg bestemt meg, eg skal prøve!

I skrivande stund har eg begynt på siste året i planen, å bygge «motor « for motbakke tek tid, men forma er stadig stigande, timane med trening aukar sakte men sikkert......galskapen lenge leve!





torsdag 9. august 2012

Saudehornet rett opp,....ei blytung affære!


Eg hadde følelsen heile veka, forma var ikkje på topp,siste treningsturane hadde vore tunge, men eg hadde likevel trua. Nokre dagar med kvile og samling av overskot skulle nok gjere susen, vart det for mykje av det gode kanskje?

Det yrer av liv ved småbåthavna i Ørsta slike dagar, det er her starten går ifrå, så det er bokstaveleg tala frå "tareblad til tinderad" som arrangøren seier. Mosjonistane er godt i gang med turen oppover bakkane når eg knyter skoa og starter på oppvarminga, eg er framleis optimist for kroppen kjennest bra ut. Dei faste motbakketraverane er på plass, eit ekstra sterkt startfelt denne gongen då løpet inngår i norgescupen i motbakkeløp. Sjølv han godaste Kristen Skjeldal får nok tøff konkurranse denne gongen med heile norgeseliten på startstreken.

"Pang", som vanleg legg feltet avgarde i eit høgt tempo frå start, eg prøver å finne farta oppover gatene i sentrum, i det feltet når første motbakkane har tempoet roa seg, for bakkane i Ørsta er lange og bratte. Grusvegen går bratt oppover og eg kjenner etter kvart at kroppen ikkje er i toppslag, "off, dette vert ein tung tur" tenkjer eg, bakken vil ingen ende ta, og eg slit......

Meter for meter sig ein oppover, er vel fleire som kjenner det og vel? Eg prøver å halde jamn fart, noko eg er rimeleg god på, ligge heilt på grensa, tyne litt ekstra der ein kan. Vanlegvis brukar eg å passere folk oppover bakkane, denne gangen er det eg som vert passert.....vert fort negative tankar av slikt, og den mentale jobben er stor og tung.

Eg har vel venta på det, for dagsforma kan ikkje alltid klaffe, eit stykkje opp i bakkane tenkte eg "jammen godt det ikkje er på Skåla eg skal",

Det er vått og glatt oppover mot Saudehornet denne dagen, siste biten oppover steinura må ein passe seg litt,  steg for steg nærma toppen seg, eg har heldigvis sett utsikta før, for skodda er tett. Eg dreg på smilebandet i det målseglet kjem til syne, for eg har fått følelsen,på dei siste par hundre høgdemeterane har eg auka farta, forma har liksom "løsna" litt og eg har kunne trykke på oppover, kjekt med ei god avslutning om ikkje anna!
(Foto: Knotten)

På veg nedover bakkane er eg vel ikkje så veldig fornøgd, tida var vel grei nok, men det er så forferdeleg irriterande å ikkje få ut det ein er god for............

mandag 23. juli 2012





Plaga med høg dørstokk?


Kvifor gidd eg? Kvifor gidd eg gå over dørstokken og ut i regnet for å trene?

Har du vore på handletur og funne ut at storleiken på buksene ikkje er som før, at det er buksa som er mindre og ikkje du som er større?
Har du gått deg ein trimtur i ny og ne og vore trygg på at forma er god, men når motbakken kjem er det bråstopp og du pusta som ein kval?
Har du gøymt badevekta fordi ho må vere feil?

Eg har vore der, eg har handla større og større bukser, eg trudde forma var god, og badevekta kjøpte eg aldri nytt batteri til....

Har du komt heim frå arbeid og vore heilt tom, du berre sig ned i stolen og har lite overskot til noko som helst?
Eg har vore der,men ein dag var det nok, her må noko gjerast!

Treng du motivasjon sa du?

Ta turen ut på vaskerommet, fyll opp vaskebøtta med vatn, du kjenner ho er tung, ta med deg bøtta og gå tre gongar opp og ned trappa....du kjenne at pumpa må gå litt ekstra, og tenk så glad kroppen ville ha vorte om ein kunne sleppe å drage på desse 10 kiloa, kvar time, kvar dag eller veke,tenk så mykje lettare ryggen, hofta og knea ville jobbe!!

Og saken er at det skal ikkje så all verden til, du skal verken springe maraton eller springe på Skåla første veka, start roleg, ein tre kvarters gåtur to gonger i veka er ein kjempestart. Trikset er å finne rette intensiteten, mange let seg lure til å prate med trim kompisen heile vegen, og for all del, all aktivitet er bra, men du får mykje betre effekt om du periodevis går såpass at det er vanskeleg å halde praten i gong, greier du det er du godt på veg!!

Kroppen vår er skapt for rørsle, så om du kjenner litt verk etter første turane så er det nok
ikkje farleg, men kjensla av musklar som ikkje har vorte brukt på ei stund.


Så er vi einige då?
Det er vel berre å sette i gong?
Å gå å lure seg sjølv til å tru at forma er god,
at du kanskje skal prøve å trene litt meir til neste år er berre tull,

for det er faktisk DU som har ansvar for kroppen og helsa di,
det er DU som skal leve resten av livet med den eine kroppen du har fått tildelt,
og då er det faktisk DU SOM ER VINNAREN om kjem deg ut av stolen og over dørstokken!!!


( kanskje stille du som mosjonist på SKÅLA OPP i august neste år? )