søndag 17. juni 2012

Geiranger frå fjord til fjell


Eg passerer skiltet som fortel at det er 3km til mål, legger og lår er stokk stive, kjem eg meg til mål?



Vel, vi får vel ta det frå starten av

Treninga har stort sett gått etter planen, og sjølv om kroppen ikkje har vore på topp siste veka var eg ved godt mot då eg sette kursen mot Geiranger fredag ettermiddag. Som toppidrettsutøvarar flest.... satsa eg på hotellovernatting for å vere godt forberedt til laurdag formiddag.

Eit og anna kjent fjes var ute i same ærend som meg då eg rusla ned for henting av startnummer, det låg liksom ei spent stemning i lufta, korleis vert været? Vil vinden stilne?

Kvelden vart kort, og etter at dommaren bles av England – Sverge var det god natt.

Det er vel heller sjeldan at eg et berre tre blingsar med ost og sylte når ein kan fråtse i eit velfylt frukostbord.....,men her må ein halde fokus! Etter eit par koppar god kaffi var det på tide å røre litt på kroppen, eg rusla eit stykke nedover vegen, og «PANG» der gjekk startskotet for dei ekstra galne, dei som først skal sykle til toppen for deretter delta i løpet. Eg heiar dei oppover eit lite stykke, er dei verkeleg klar over kva dei har begitt seg ut på?

Klokka tikkar sakte mot start, sekken med ekstra kle er levert til transporten,det yrar av liv rundt startområdet, eg prøvar å fokusere på meg sjølv, få inn nok veske og ei halv banan. Oppvarminga er eit kapittel for seg sjølv, mange spring så ein skulle tru dei spurta inn til mål, eg har tru på roleg oppvarming i dag, for du må liksom springe deg inn i løpet og finne di fart uansett, ikkje vits i å sløse med kreftene!

Rett før start samlast folket, og som vanleg har samtlege prata ned si eiga form, nesten så ein vert forundra om enkelte kjem til mål.., rart med det, men eg har ein bra følelse. Startskotet i Geiranger er det verkeleg smell i, ei hagle i kaliber 12 vekker flokken og løpet er i gang!

Sving etter sving går det oppover, start farta er alltid vanskeleg, eg roar meg litt og finn eit greit tempo, min løpskompis frå Gursken ligg like framom, han har litt rutine i dette løpet og er ein grei målestokk på farta.

Det går lett sjølv om det går oppover, eg slit litt med å roe nok ned, sidan eg ikkje har deltatt før er det vanskeleg å veta korleis ein skal disponere kreftene, «det er langt til toppen så ta det med ro», seier eg til meg sjølv.

På flata innover dalen ligg eg saman med Gurskingen og eit par til, beina kjennes bra, etter kvart ser ein vegen som slynger seg oppover fjellsida lenger framme,det er liksom no alvoret startar.
«Dette går no greit»seier eg til meg sjølv etter dei første svingane, men går det for fort? dei andre i gruppa heng ikkje med lenger, eg er litt betenkt på farta, man eg føler meg komfortabel og kjem til at det er berre å kjøre på, kan jo ikkje slakke av berre fordi dei andre ikkje held fylgje?

Det går jamnt og fint oppover og eg nærmar meg neste flate parti mot Djupvasshytta, men i det eg kjem opp på kanten og inn på det som skulle vere eit lettare parti, slår vinden imot meg samtidig som regndråpane tiltek, med kun kort shorts og korterma skjorte kjenner eg kulden, våt og kald kjenner eg effekta som hurtig nedkjøling har, armar og bein vert heilt stive,eg lengtar etter den langarma ulltrøya som ligg i sekken....
Steg for steg sig eg framover, heldigvis kan tometers brøytekantar gjere litt nytte som vindskjerm, omsider kjem Djuvasshytta til syne, det er berre 5 knallharde kilometer i gjen......
Oppover grusvegen går det seint, eg slit med å få beina skikkeleg i gang gjen etter kuldesjokket, eg slit og tenkjer» FOKUS, FOKUS, det er dette du har trent for i heile vinter og vår, det er no du må vise kva du er laga av....» Eg finn etter kvart ei rytme eg greier å halde, det går ikkje fort ,men det går. Det er alltid betre å ta gjen folk i staden for å bli tatt i gjen, i dag har eg passert ein heil del, ein svenske som hang på lenge før han takka for hjelpa, ein engelsktalande som klaga over låke leggar, ein romsdaling med krampe i eit lår, og ein del til, det er som på fjellet, alle snakkar med alle.




Eg passerer skiltet som fortel at det er 3km til mål, legger og lår er stokk stive, kjem eg meg til mål?
Det er slutt, slutt på farta i alle fall, eg er ikkje tom, eg har ikkje krampe, men fotan vill liksom ikkje lystre lenger, eg vil så gjerne få opp litt meir fart, men greier det ikkje, det går med krabbefart , kanskje hadde det gått fortare å gå, men eg nektar, eg SKAL springe heilt opp, og eg er sta, berre spør slekta!
500m skiltet er passert, ein liten nedoverbakke før spurten opp mot mål, det er rart å skulle prøve å springe nedover, føles ut som eit styltreløp, eg prøver å ta korte steg nedover for ikkje å få krampe, men i det siste motbakken startar smell det i låra, eg går nokre steg, det er 100meter til mål, "ein kan liksom ikkje kome gåande i mål" tenkjer eg, så eg bit tenna samen og spring i mål med stil!


På Dalsnibba er det snødrev, og kaldt, eg finn sekken med kle, de er ikkje enkelt å skifte klede på ein stiv og støl kropp, med stivfrosne fingrar. Heldigvis står bussen klar, det er berre å kome seg ombord å få gjen varmen.
Stemninga på bussen stig etter kvart som folket får varmen i seg, og tilbake ved start skin sola, resultata kjem på veggen, dei fleste er fornøgde, eg burde vere fornøgd, for å debutere med 2.07.19 er vel ikkje så verst, men eg irriterer meg over den dårlege avslutninga, kvifor ville ikkje beina meir?

På veg heimover oppover bakkane fundera eg på korleis eg skal trene for å halde siste kilometerane, i det eg passerer Djuvasshytta er det bortimot skyfri himmel og 12 VARME grader.......

Heldigvis berre eit år til neste gang!

( Forresten så vann eg eit kaffikrus !!)

http://www.frafjordtilfjell.com

(beklager mangel på bilder, men fokuset var liksom andre stader,...kanskje dukkar det opp noko etter kvart!)

torsdag 14. juni 2012

Straks ny motbakke...!!

Tida går fort, snart er det berre timar i gjen, eg lurer på kvifor eg har rota meg bort i dette....å skulle springe frå Geirangerfjorden og heilt opp på Dalsnibba er og blir galskap. Men midt i galskapen gleder eg meg til utfordringa, sjølv om eg veit at det ligg an vel to seige timar med sjølvpining. Siste treninga er gjort, har tatt det roleg denne veka, det gjeld å samle mest muleg energi og overskudd,....sjåast vi på Dalsnibba kanskje?

http://www.frafjordtilfjell.com