Eg passerer skiltet som
fortel at det er 3km til mål, legger og lår er stokk stive, kjem eg
meg til mål?
Vel, vi får vel ta det
frå starten av
Treninga har stort sett
gått etter planen, og sjølv om kroppen ikkje har vore på topp
siste veka var eg ved godt mot då eg sette kursen mot Geiranger
fredag ettermiddag. Som toppidrettsutøvarar flest.... satsa eg på
hotellovernatting for å vere godt forberedt til laurdag formiddag.
Eit og anna kjent fjes var
ute i same ærend som meg då eg rusla ned for henting av
startnummer, det låg liksom ei spent stemning i lufta, korleis vert
været? Vil vinden stilne?
Kvelden vart kort, og
etter at dommaren bles av England – Sverge var det god natt.
Det er vel heller sjeldan
at eg et berre tre blingsar med ost og sylte når ein kan fråtse i
eit velfylt frukostbord.....,men her må ein halde fokus! Etter eit
par koppar god kaffi var det på tide å røre litt på kroppen, eg
rusla eit stykke nedover vegen, og «PANG» der gjekk startskotet for
dei ekstra galne, dei som først skal sykle til toppen for deretter
delta i løpet. Eg heiar dei oppover eit lite stykke, er dei verkeleg
klar over kva dei har begitt seg ut på?
Klokka tikkar sakte mot
start, sekken med ekstra kle er levert til transporten,det yrar av
liv rundt startområdet, eg prøvar å fokusere på meg sjølv, få
inn nok veske og ei halv banan. Oppvarminga er eit kapittel for seg
sjølv, mange spring så ein skulle tru dei spurta inn til mål, eg
har tru på roleg oppvarming i dag, for du må liksom springe deg inn
i løpet og finne di fart uansett, ikkje vits i å sløse med
kreftene!
Rett før start samlast
folket, og som vanleg har samtlege prata ned si eiga form, nesten så
ein vert forundra om enkelte kjem til mål.., rart med det, men eg
har ein bra følelse. Startskotet i Geiranger er det verkeleg smell
i, ei hagle i kaliber 12 vekker flokken og løpet er i gang!
Sving etter sving går det
oppover, start farta er alltid vanskeleg, eg roar meg litt og finn
eit greit tempo, min løpskompis frå Gursken ligg like framom, han
har litt rutine i dette løpet og er ein grei målestokk på farta.
Det går lett sjølv om
det går oppover, eg slit litt med å roe nok ned, sidan eg ikkje har
deltatt før er det vanskeleg å veta korleis ein skal disponere
kreftene, «det er langt til toppen så ta det med ro», seier eg til
meg sjølv.
På flata innover dalen
ligg eg saman med Gurskingen og eit par til, beina kjennes bra, etter
kvart ser ein vegen som slynger seg oppover fjellsida lenger
framme,det er liksom no alvoret startar.
«Dette går no
greit»seier eg til meg sjølv etter dei første svingane, men går
det for fort? dei andre i gruppa heng ikkje med lenger, eg er litt
betenkt på farta, man eg føler meg komfortabel og kjem til at det
er berre å kjøre på, kan jo ikkje slakke av berre fordi dei andre
ikkje held fylgje?
Det går jamnt og fint
oppover og eg nærmar meg neste flate parti mot Djupvasshytta, men i
det eg kjem opp på kanten og inn på det som skulle vere eit lettare
parti, slår vinden imot meg samtidig som regndråpane tiltek, med
kun kort shorts og korterma skjorte kjenner eg kulden, våt og kald
kjenner eg effekta som hurtig nedkjøling har, armar og bein vert
heilt stive,eg lengtar etter den langarma ulltrøya som ligg i
sekken....
Steg for steg sig eg
framover, heldigvis kan tometers brøytekantar gjere litt nytte som
vindskjerm, omsider kjem Djuvasshytta til syne, det er berre 5
knallharde kilometer i gjen......
Oppover grusvegen går det
seint, eg slit med å få beina skikkeleg i gang gjen etter
kuldesjokket, eg slit og tenkjer» FOKUS, FOKUS, det er dette du har
trent for i heile vinter og vår, det er no du må vise kva du er
laga av....» Eg finn etter kvart ei rytme eg greier å halde, det
går ikkje fort ,men det går. Det er alltid betre å ta gjen folk i
staden for å bli tatt i gjen, i dag har eg passert ein heil del, ein
svenske som hang på lenge før han takka for hjelpa, ein
engelsktalande som klaga over låke leggar, ein romsdaling med krampe
i eit lår, og ein del til, det er som på fjellet, alle snakkar med
alle.
Eg passerer skiltet som
fortel at det er 3km til mål, legger og lår er stokk stive, kjem eg
meg til mål?
Det er slutt, slutt på
farta i alle fall, eg er ikkje tom, eg har ikkje krampe, men fotan
vill liksom ikkje lystre lenger, eg vil så gjerne få opp litt meir
fart, men greier det ikkje, det går med krabbefart , kanskje hadde
det gått fortare å gå, men eg nektar, eg SKAL springe heilt opp,
og eg er sta, berre spør slekta!
500m skiltet er passert,
ein liten nedoverbakke før spurten opp mot mål, det er rart å
skulle prøve å springe nedover, føles ut som eit styltreløp, eg
prøver å ta korte steg nedover for ikkje å få krampe, men i det
siste motbakken startar smell det i låra, eg går nokre steg, det er
100meter til mål, "ein kan liksom ikkje kome gåande i mål" tenkjer eg, så eg
bit tenna samen og spring i mål med stil!
På Dalsnibba er det
snødrev, og kaldt, eg finn sekken med kle, de er ikkje enkelt å
skifte klede på ein stiv og støl kropp, med stivfrosne fingrar.
Heldigvis står bussen klar, det er berre å kome seg ombord å få
gjen varmen.
Stemninga på bussen stig
etter kvart som folket får varmen i seg, og tilbake ved start skin
sola, resultata kjem på veggen, dei fleste er fornøgde, eg burde
vere fornøgd, for å debutere med 2.07.19 er vel ikkje så verst,
men eg irriterer meg over den dårlege avslutninga, kvifor ville
ikkje beina meir?
På veg heimover oppover
bakkane fundera eg på korleis eg skal trene for å halde siste
kilometerane, i det eg passerer Djuvasshytta er det bortimot skyfri
himmel og 12 VARME grader.......
Heldigvis berre eit år
til neste gang!
( Forresten så vann eg
eit kaffikrus !!)
http://www.frafjordtilfjell.com
(beklager mangel på bilder, men fokuset var liksom andre stader,...kanskje dukkar det opp noko etter kvart!)
(beklager mangel på bilder, men fokuset var liksom andre stader,...kanskje dukkar det opp noko etter kvart!)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar