søndag 2. juni 2013

Regn, skodde og Blåfelden!

Eit år går fort, det er faktisk eit heilt år sida eg skreiv første innlegget på denne beskjedne bloggen, og sida dei første linjene handla om Blåfelden rett opp, ja så seier det seg vel sjølv kva dette innlegget skal handle om, ja du gjetta rett... Blåfelden Rett Opp 2013.

For to veker sidan var eg heilt sikker, det vert ikkje nokon Blåfelden på meg i år, kroppen var framleis ikkje i særleg godt slag så her gjaldt det å prøve å finne forma til Geiranger i midten av Juni. Men så, på den lange fjellrunda for ei veke sidan fekk eg for første gong på lenge følelsen, ja den der gode følelsen av trøkk i beina og ein kropp som hadde noko å gi, sjølv etter ein time med godt tempo hadde eg litt å gi i bakkane, klokka viste også at dette var omlag som tidene for eit år sidan. Det gjer fantastisk godt for motivasjonen å endeleg få ein peikepinn på at ein er på rett veg!

Blåfelden hadde eg no sett strek over, så her var fokuset på Geiranger og lange jamne asfaltbakkar, viktig å finne rette kombinasjonen av steglengde og frekvens, ei fart ein kan halde lenge. Men så, onsdagskvelden melder løpskompis Harald Svein, som også har vore plaga med skade og trøbbel i vinter at han vil stille, vil eg? Tja, ein vert no freista av slikt, og han seier at han tek det som ei god treningsøkt, hmm...det kan vel eg og? Ok, eg er med!

Å stille til start uten særleg forventningar til resultatet er rimeleg behageleg eigentleg, men der er rart med det, spenninga i kroppen og stemninga iblant deltakarane er akkurat som vanleg, ingen er i form og alle er skeptisk til korleis løypa er etter mykje nedbør....
Harald Svein og eg legg lista på 60 minutt, det bør vi vel greie? Ingen av oss har peiling på korleis forma eigentleg er, om litt får vi svar, for denne motbakken er dønn ærleg.

Eg leitar etter godfølelsen på oppvarminga,men finn den ikkje, kroppen verkar tung..,det luktar slit og nedtur lang veg, dårleg form, dårleg opplading og dårleg dagsform? Minutta før start har eg eit mentalt fokus, er ærleg med meg sjølv, dette vert eit blodslit, ein vil kjenne syra etter kort tid, det er smerteterskelen det kjem an på,..men det er slik eg likar det ,er det ikkje? Det er no akkurat dette eg trenar time etter time for å greie, det er no det gjeld! «PANG»

Sjølve løpet huskar ein ikkje så mykje av, det er fullt fokus på neste steg, halde avstanden til løparen framfor og prøve å kjenne på tempoet, kan eg auke tempoet? Greier eg å passere neste løpar utan å bikke over og gå på ein smell? For det er slik det er, du ligg heilt på syregrensa heile tida, og berre den lisje farts-auka, eller dei ekstra lange stega du må ta for å passere ein løpar kan vere nok til at du går rett i fella og vert stokk stiv.
Steg for steg....  (foto: Bjørn Skoge)

Vel, tilbake til løpet, det startar som vanleg i høgt tempo bort etter vegen, ingen vil vere den som kjem attast i køa når alle skal inn på ei smal rås, eg prøver å halde meg langt framme, men tempoet er i høgste laget og eg er no ein typisk «slow starter», ein får alltids brukt kreftene tenkjer eg, og finn min plass i rekka av løparar som smyg seg oppetter bjørkeskogen.
Over tregrensa er det berre å gi det ein har, eg registrerer at det er kjentfolk langs løypa, prøver meg på ein skvett cola,..men å drikke med 185 i puls er ikkje enkelt, eg ligg heilt på grensa og ser at Harald Svein ligg like bak, er usikkert på om det går fort nok. Siste biten inn mot mål er det berre å bite tenna saman, presse ut siste kreftene og passe på å ikkje snuble, eg kastar eit kjapt blikk på klokka i det eg spurtar i mål, er sikker på at eg ser feil og må sjå ei gong til..kan det vere sant? Berre nokre få sekund frå pers?

Harald Svein kjem i mål eit knapt minutt etter med solid ny pers!

Eg går berre rundt å smiler, eit skikkeleg blodslit, men det er slik eg likar det er det ikkje?

Det er to muntre karar som tuslar letta nedover råsa i duskregnet........


( og så er det berre to veker til Nibbeløpet i Geiranger!)

søndag 12. mai 2013

Lytt til pulsen, den prøver å seie deg noko....


Det er tirsdag og trening, eg har varma opp og er klar for ei økt med motbakkeintervall, første draget går greit, på det andre er det stopp, kroppen vil ikkje, eg prøver å trykke til men der er liksom ikkje noko å hente. Eg har hatt ein liten mistanke ei stund, om at noko er gale, no er eg heilt sikker.
Kroppen er rett og slett ikkje i form, eg har gått på ein treningssmell....

Så kva har skjedd?
Seinhausten og førjulsvinteren var forholdsvis roleg treningsmessig, 3-4 økter i veka, mesteparten roleg i terreng eller langs veg. I slutten av november vart det kneppa til eit hakk, 4-5 økter og ein del harde økter, dette gjekk no flott, forma var rett god ved juletider, og inspirert av god framgang i treninga, så kom tanken, her er det berre å gi gass.... Med enda eit lite knepp opp på treninga og flott vintervær gjekk vekene med trening fort, kroppen fungerte greit, og takla treninga greit, ja det var slik eg følte det i alle fall.
Eit stykkje ut i februar kom den snikande, ein følelse av at kroppen var trøtt, treninga gjekk litt tyngre og eg mangla liksom litt av gnisten. Men slik er det vel, tenkte eg, det går vel litt opp og ned med sopass mykje trening. Det er vel berre å kjøre på!

Mars vart blytung, for det var ikkje før langt ut i denne månen eg tok hintet. Ein godversdag tok eg den lange faste fjellrunda som eg har gjort så mange gonger før, ein flott knappe 2 times tur i kupert terreng, starten gjekk bra, men når eg skulle til å trykke til litt så var det tomt, eg hadde ingenting å gi... Med så mange treningstimar i bagasjen skulle då dette gå som ein leik?

Her var det noko som ikkje stemte....,kva gjer eg no?

Eg tok eit par ekstra kviledagar, korta ned på nokre treningane og satsa på at overskotet skulle dukke opp etter kvart. Slik vart det ikkje. No når forma etter planen berre skulle verte betre og betra, ja , så vart den heller dårlegare for kvar veke som gjekk, utruleg frustrerande å ofre så mange timar til trening, og går ting så tregt....

Internett kan brukast til så mangt, også til å finne ut meir om kondisjon og trening, no må ein ikkje ta alt ein finn som god fisk, men hovudpunkta er vel slik:

-For utøvarar som treng god uthaldenheit bør 70-80% av treninga fore gå med ein puls om ikkje er høgre enn 70-75% av makspuls. Spesielt i grunntreningsperioden der treningsmengda er høg.
-Berre nokre få økter i veka skal ein ha høg intensitet (opp mot makspuls), og det er viktig at kroppen får god restitusjon etter desse øktene.

Her er det nok eg har feila, eg har ikkje vore flink nok til å skilje mellom dei harde og dei rolege øktene, slik at mange av dei har blitt sånn halvharde ( eller lapskaustrening som Øystein «pølsa» Pettersen kallar det)
For å finne ut av dette, var det berre å krype til korset og kjøpe pulsklokke, noko eg har vore litt motstandar av med tanke på motbakkeløp, der eg meiner at det er best å kjenne kroppen og kvar mjølkesyre grensa ligg uten å måtte stole på ei slik klokke. Dette fordi det er vanskeleg å ha ei lik løype å teste i på trening som det ein har i desse harde løpa.

Vel, klokke vart det i allefall, og eg var rimeleg spent før den første treningsturen, makspuls var berekna til ca 186 ut frå snittet av fleire anbefalte utrekningsmodellar. Det sikraste er å teste denne i ein passeleg bratt bakke, noko som vert gjort ved eit seinare høve.
Ei mil i roleg tempo går vel greit tenkte eg, men her fekk eg verkeleg beviset på galskapen,..det var nesten vanskeleg å tru at eg verkeleg skulle springe så roleg som pulsen tilsa, kunne dette stemme?

Jepp, vitenskapen stemmer nok, det er berre at kroppen min ikkje er vant med såpass rolege økter, noko som igjen eit teikn på feiltrening /intensitet.

Ok, eg har bomma, eg har vore for ivrig, eg har kjørt kroppen rett i kjellaren og eg burde nok vist betre. Det er vel slike feil ein lærer av håper eg, trøysta er at det er mange store idrettsnamn som har tatt medalje etter å ha gjort akkurat same feilen... ; )

Så då er spørsmålet, Kva gjer eg så? I verst fall kan heile sesongen gå i vasken, i beste fall kan eg stille på Blåfelden opp i starten av juni, det kjem berre an på kor langt nede kroppen er , og korleis den reagerer på opptreninga. Etter nye nettstudier og råd frå Øyvind Sandbakk så har eg trykt på «reset» knappen, kutta all trening i to veker, og så vidt starta på eit treningsprogram for opptrening som er anbefalt av sjølvaste Olympiatoppen.....dette må då gå bra?
Viktig å ha trua i alle fall, vi får satse på ein god seinsommar/haust i år med Skåla som hovudmål, viktig å ha eit mål å trene mot, forhåpentlegvis er forma sopass at eg kan delta på Blåfelden og i Geiranger sjølv om tidene ikkje vert på nivå med fjordåret.

Dette blogg innlegget er vel kanskje mest for spesielt interesserte , men slik er no stoda i alle fall, litt motgang må ein tåle, og det er vel ikkje SÅ viktig med denne treninga er det vel?

Her kjem noko viktig folkens:
For deg som tek deg ei,to,tre eller fire økter i veka, så ikkje tenk så mykje på dette med puls,då er det viktigast at du varier treninga og trener på ein måte du synest er kjekt og ikkje går lei. Det er viktig at ein får ein positiv oppleving av heile greia, treninga skal ikkje vere eit ork, men kanskje meir eit «friminutt» i ein hektisk kvardag!

Ellers er det ei fantastisk flott tid no på våren, enten du går på fjellet eller langs veg, så ser ein forandring rundt seg frå gong til gong, graset vert lenger, lauvet sprett på treda, fuglar som syng nydeleg i bakgrunnen, lukt av kvitveis og andre vårblomar....så kom deg ut, og husk at ein tur er mykje betre enn ingen tur!


Lykke til, både til deg og meg!