søndag 12. mai 2013

Lytt til pulsen, den prøver å seie deg noko....


Det er tirsdag og trening, eg har varma opp og er klar for ei økt med motbakkeintervall, første draget går greit, på det andre er det stopp, kroppen vil ikkje, eg prøver å trykke til men der er liksom ikkje noko å hente. Eg har hatt ein liten mistanke ei stund, om at noko er gale, no er eg heilt sikker.
Kroppen er rett og slett ikkje i form, eg har gått på ein treningssmell....

Så kva har skjedd?
Seinhausten og førjulsvinteren var forholdsvis roleg treningsmessig, 3-4 økter i veka, mesteparten roleg i terreng eller langs veg. I slutten av november vart det kneppa til eit hakk, 4-5 økter og ein del harde økter, dette gjekk no flott, forma var rett god ved juletider, og inspirert av god framgang i treninga, så kom tanken, her er det berre å gi gass.... Med enda eit lite knepp opp på treninga og flott vintervær gjekk vekene med trening fort, kroppen fungerte greit, og takla treninga greit, ja det var slik eg følte det i alle fall.
Eit stykkje ut i februar kom den snikande, ein følelse av at kroppen var trøtt, treninga gjekk litt tyngre og eg mangla liksom litt av gnisten. Men slik er det vel, tenkte eg, det går vel litt opp og ned med sopass mykje trening. Det er vel berre å kjøre på!

Mars vart blytung, for det var ikkje før langt ut i denne månen eg tok hintet. Ein godversdag tok eg den lange faste fjellrunda som eg har gjort så mange gonger før, ein flott knappe 2 times tur i kupert terreng, starten gjekk bra, men når eg skulle til å trykke til litt så var det tomt, eg hadde ingenting å gi... Med så mange treningstimar i bagasjen skulle då dette gå som ein leik?

Her var det noko som ikkje stemte....,kva gjer eg no?

Eg tok eit par ekstra kviledagar, korta ned på nokre treningane og satsa på at overskotet skulle dukke opp etter kvart. Slik vart det ikkje. No når forma etter planen berre skulle verte betre og betra, ja , så vart den heller dårlegare for kvar veke som gjekk, utruleg frustrerande å ofre så mange timar til trening, og går ting så tregt....

Internett kan brukast til så mangt, også til å finne ut meir om kondisjon og trening, no må ein ikkje ta alt ein finn som god fisk, men hovudpunkta er vel slik:

-For utøvarar som treng god uthaldenheit bør 70-80% av treninga fore gå med ein puls om ikkje er høgre enn 70-75% av makspuls. Spesielt i grunntreningsperioden der treningsmengda er høg.
-Berre nokre få økter i veka skal ein ha høg intensitet (opp mot makspuls), og det er viktig at kroppen får god restitusjon etter desse øktene.

Her er det nok eg har feila, eg har ikkje vore flink nok til å skilje mellom dei harde og dei rolege øktene, slik at mange av dei har blitt sånn halvharde ( eller lapskaustrening som Øystein «pølsa» Pettersen kallar det)
For å finne ut av dette, var det berre å krype til korset og kjøpe pulsklokke, noko eg har vore litt motstandar av med tanke på motbakkeløp, der eg meiner at det er best å kjenne kroppen og kvar mjølkesyre grensa ligg uten å måtte stole på ei slik klokke. Dette fordi det er vanskeleg å ha ei lik løype å teste i på trening som det ein har i desse harde løpa.

Vel, klokke vart det i allefall, og eg var rimeleg spent før den første treningsturen, makspuls var berekna til ca 186 ut frå snittet av fleire anbefalte utrekningsmodellar. Det sikraste er å teste denne i ein passeleg bratt bakke, noko som vert gjort ved eit seinare høve.
Ei mil i roleg tempo går vel greit tenkte eg, men her fekk eg verkeleg beviset på galskapen,..det var nesten vanskeleg å tru at eg verkeleg skulle springe så roleg som pulsen tilsa, kunne dette stemme?

Jepp, vitenskapen stemmer nok, det er berre at kroppen min ikkje er vant med såpass rolege økter, noko som igjen eit teikn på feiltrening /intensitet.

Ok, eg har bomma, eg har vore for ivrig, eg har kjørt kroppen rett i kjellaren og eg burde nok vist betre. Det er vel slike feil ein lærer av håper eg, trøysta er at det er mange store idrettsnamn som har tatt medalje etter å ha gjort akkurat same feilen... ; )

Så då er spørsmålet, Kva gjer eg så? I verst fall kan heile sesongen gå i vasken, i beste fall kan eg stille på Blåfelden opp i starten av juni, det kjem berre an på kor langt nede kroppen er , og korleis den reagerer på opptreninga. Etter nye nettstudier og råd frå Øyvind Sandbakk så har eg trykt på «reset» knappen, kutta all trening i to veker, og så vidt starta på eit treningsprogram for opptrening som er anbefalt av sjølvaste Olympiatoppen.....dette må då gå bra?
Viktig å ha trua i alle fall, vi får satse på ein god seinsommar/haust i år med Skåla som hovudmål, viktig å ha eit mål å trene mot, forhåpentlegvis er forma sopass at eg kan delta på Blåfelden og i Geiranger sjølv om tidene ikkje vert på nivå med fjordåret.

Dette blogg innlegget er vel kanskje mest for spesielt interesserte , men slik er no stoda i alle fall, litt motgang må ein tåle, og det er vel ikkje SÅ viktig med denne treninga er det vel?

Her kjem noko viktig folkens:
For deg som tek deg ei,to,tre eller fire økter i veka, så ikkje tenk så mykje på dette med puls,då er det viktigast at du varier treninga og trener på ein måte du synest er kjekt og ikkje går lei. Det er viktig at ein får ein positiv oppleving av heile greia, treninga skal ikkje vere eit ork, men kanskje meir eit «friminutt» i ein hektisk kvardag!

Ellers er det ei fantastisk flott tid no på våren, enten du går på fjellet eller langs veg, så ser ein forandring rundt seg frå gong til gong, graset vert lenger, lauvet sprett på treda, fuglar som syng nydeleg i bakgrunnen, lukt av kvitveis og andre vårblomar....så kom deg ut, og husk at ein tur er mykje betre enn ingen tur!


Lykke til, både til deg og meg!