onsdag 11. november 2015

"I'll be back" ( pass på ryggen din....)

Eg ligg på sofaen ,ryggen verker, vert fort lei av slikt. 
Tenk om eg kunne springe ein tur, berre ta på skoa og la beina gå, kjenne på pulsen, den kalde gode haustlufta, følelsen av at kroppen virka. Det er slikt ein drøymer om når kroppen ikkje vil, ryggen kranglar og lestane er umuleg å få på…

Det ordnar seg nok skal du sjå, eg har vore der før, og kjenner vegen eg må gå, om eg berre er tålmodig nok.  Det er slik han er ryggen min, litt lunefull og tidvis småkranglete. 

Årringane seier eg snart er 40,..eg skulle vel ha lært leksa, sidan eg har vore der fleire gongar før, men , nei.., styrketreninga har nok vore forsømd denne gongen og, eg er rett og slett avslørt. Det er nok ofte sånn med fleire en meg, har kroppen funka bra ei stund, ja så vert ein sløv på prioritering og dei viktige detaljane, for vi vil gjerne berre springe i veg, la beine gjere jobben.


Så det ordnar seg nok,..for akkurat no lengtar eg etter den gode følelsen av løpsglede!


(Flaks at eg har fiksa meg eigen sjukepleier..  ; )

torsdag 11. juni 2015

Eit slit,fra fjord til fjell, i Geiranger

”Du er berre på 7”
Eg tenkjer på dette talet, medan eg prøver å halde takta det lange strekkje oppover frå Djupvasshytta. Den mentale trenaren Eirik Bertrand Larssen  skriv i ei bok at du tåler mykje meir en du trur, og på ein skala frå ein til ti, så er du fortsatt berre på ein sjuar når du trur du har gitt alt,…


Nibbeløpet- frå fjord til fjell, 1500 høgdemeter frå Geirangerfjorden og opp på Dalsnibba, 21 lange bratte kilometer. Det er noko magisk med dette løpet, så enkelt men likevel så vanskeleg . Det er nok det som gjer det så fasinerande og utfordrande, og som gir drivkraft for nye forsøk.
Det er laurdag og eg er klar for mitt fjerde forsøk opp bakkane frå bussgarasja i Geiranger. I år har det vore ekstra spennande med tanke på vær og føre, ein sein og kald vår,  store snømengder i høgfjellet, rasfare og nysnø siste dagane har nok gitt arrangøren litt ekstra hovudbry.  Men vegen er bar, sola gløtter fram, det er ingenting å klage på.

Eg har hatt dette løpet som eit av hovudmåla denne sesongen, og har lagt opp treninga for å prøve å finne goforma,  har så lyst å få til dette her, har trena ekstra på bratte asfaltbakkar, og avslutta lange turar med ein lang motbakke, men vil det hjelpe? 

Eg er som vanleg ute i god tid, likar det slik, kjenner på stemninga, pratar med kjentfolk, det er sykkelistar, rulleskiløparar og motbakkeløparar i skjønn foreining.  Brødskiver og drikkeflasker, diskusjoner om taktikk, bekledning og forhold.  Stemninga er spent, spent fordi du veit kva slit som ventar, eller spent for di du ikkje veit…

PANG, starten går, ja i Geiranger er det ekte smell( cal 12) må vite, feltet legg i veg som om dei hadde styggen i hela, som vanleg. Eg ser etter Arve og Martin, dei har same målet som eg, den magiske totimers grensa. Saman sig vi oppetter bakkane, steg for steg, sving for sving, den er bratt denne første delen, vi tek det med ro, prøver å finne flyten. Det går litt i trappetrinn dette løpet her, med to nesten flate parti, berre for at du skal verte skikkeleg stiv siste bakken!
Eg er dårleg på å ligge i rygg, og som vanleg hamner eg i front av gruppa, vil helst ha plass framfor meg, finne mi eiga rytme, likar meg best slik.  Ved neste drikkestasjon ligg eg plutseleg litt framfor dei andre,..skal eg slakke på og vente? Dei er rutinerte og kjenner løypa godt, veit kva tempo ein må ha for å nå målet. Eg kan safe og følgje dei, eller kjøre mitt eige løp….  Tankane spinn,  fornuft eller ta ein sjanse?  Det er desse bakkene eg har trena for, og det er denne farta som følast naturleg for meg her og no.., kjør på!

Siste svingane før flata innover mot Djupvasshytta går det tungt, kjenner kroppen slit litt meir enn ein skulle ynskje, har hatt denne følelsen ei stund, og har for lengst innsett at det vert ein kamp i år og, for det er fortsatt ei halv mil til mål. Eg prøver å presse på litt på flata før hytta, men det er ikkje heilt det same å springe fort på flatt etter så mykje motbakke, låra vil liksom ikkje svare, steget kjennes rart.
Til venstre i krysset, vegen vert brått bratt, eg dreg pusten djupt, det er no det startar, den mentale kampen mot meg sjølv.  Sakte finn eg ei brukbar rytme, det er her eg leitar fram talet sju, det er så ufatteleg langt dette første strekket. Eg høyrer steg bak meg, men vil ikkje snu meg, for då har du tapt, seier sportskommentatorane. 
Svingen vert runda, ein slurk med cola prøver å finne vegen ned i magen, det er ikkje så enkelt, å drikke når pulsen er høg og kroppen pressa, løfter blikket og ser ein Sandsøying framfor meg, det er fleire som slit, kan eg ta han? Det skal ikkje meir til, berre eit glimt av kjentfolk og du greier å tyne litt ekstra,…..ei lita stund.  I neste sving kjem nederlaget, eg må gå. Når ein først girer ned i gange, så er det utruleg tungt å kome i gang å springe, men eg greier det denne gongen. Steg for steg, meter for meter oppover, eg tør ikkje sjå på klokka, er redd eg vert skuffa, det er enda eit par kilometer til mål.
 Arve sig sakte forbi, han seier vi er på rett side av to timersmålet, vil eg skal henge på og eg gir det eit forsøk, det går bra til svingen, der må eg gå, og han sig ifrå.
Det er ein lettelse å sjå målseglet, berre nokre hundre meter igjenn, men dei meterane er ikkje berre berre, først ein nedoverbakke før siste motbakken mot mål, ein farleg kombo for trøtte bein, men tanken på mål har sin effekt, eg bit tenna saman og pressar ut siste rest, sikkert ned på ein nier over mållinja, stopper klokka, prøver å fokusere synet for sjå,… meiner eg ser 1.59.37!

Pers..!

På toppen er det kaldt, eit par grader kanskje?  Bussane som tek oss ned igjen har tatt med våre sekkar med mat og klesskift opp,  lina opp etter nummer, klar for trøtte løpshjerner.  Dei fleste er i godt humør, letta over å komme i mål, slitet er slutt, praten går!  Eg smiler, er glad for endeleg å bryte to timersgrensa. 



Men eg er ikkje fornøgd, 
går rundt med ein skuffa følelse, følelsen av å ikkje treffe, ikkje få ut det ein har inne, følelsen av grei treningsform og ikkje god toppform, skuffa over å ikkje meistre siste 5 km..

I bussen på veg nedover bakkane kjem smilet, kjenner skuffelsen går over i motivasjon, det er tross alt berre eit år til neste Nibbeløp!





Litt snø..
Sving etter sving!

mandag 18. mai 2015

Følelse av fridom?

I desse tider for 70 år sidan kom fridomen , Norge var atter eit fritt land. Har du tenkt på korleis det måtte følast?  Å endeleg etter tunge år i okkupasjon kunne heise vårt flotte flagg, sleppe å kjenne på uvissa, vere redd for kva som kunne skje, neste dag, neste veke eller neste månad…  Vi kan vel egentleg  ikkje  det, for vi har ikkje opplevd det slik, heldigvis. Men eg trur det måtte vere ein fantastisk følelse, ein befrielse, ei stor glede.

Derfor er det så viktig å markere desse dagane i  Mai, for å ikkje gløyme, for å minnes alle dei som kjempa og ofra livet for vårt land, ja det var det dei kjempa for, for at vi skulle kunne vekse opp i eit fritt land, styrt på demokratisk vis.
Så er det vi då, du, eg  og alle andre som ikkje har opplevd å vere okkupert av eit anna land, tek vi det for gitt at vi skal ha denne fridomen?  Vi gjer kanskje det, for vi veit ikkje om noko anna, vi har høyrt om det som var for 70 år sidan, men tek vi det verkeleg inn over oss?   Kanskje har du tenkt tanken no når Putin raslar med sabelen, kan det skje ? Men nei, det kan vel ikkje det,….eller?

Føler du deg fri?  Ja, sånn i kvardagen tenkjer eg på, sånn innimellom alt du skal rekke, alt som du skulle ha gjort, alt som vert forventa at du skal gjere, alle tinga som kvardagen er fylt av… kjenner du deg fri?
Slik som samfunnet er i dag, så organisert frå tidleg morgon til seine kvelden,  der du nesten vert sett rart på om du ikkje passer  deg inn i norma, står fint i rekka og gjer som alle andre, naboen ser rart på deg om du ikkje har klipt plenen denne veka, er vi eigentleg fri?


Tenk litt på det, kjenn litt på det,..vi har kanskje berre eit liv på denne jorda, brukar vi det slik VI vil? Eller slik alle andre vil at vi skal ? Eg meiner ikkje at vi skal melde oss kollektivt inn i Blitz eller noko sånt, men kanskje skal vi stoppe opp av og til og ta oss tid, og tåre kjenne etter,  er det dette eg vil? Er det eit slikt liv eg vil ha? Kva kan eg gjere for å få det enda betre , med meg sjølv…og for alle dei eg er glade i rundt meg. Det er ikkje sikkert det skal så mykje til, ta ein STOPP av og til, gjer det DU vil, prøv å kjenn på fridomen. 



( ja, og du tenkjer " enkelt for deg å sei, du som stort sett berre har deg sjølv å tenkje på",..ja, du har heilt rett, men har du lest heilt hit, ja så har du tenkt tanken på fridom,..og eg har oppnådd det eg ville ; ))




fredag 10. april 2015

Ikkje berre eit løp....

Det vandrar rundt i tankane av og til, du smiler, og tenkjer på dagens trening, to veker til løp.
Tempoøkta (som du merkar at du skulle hatt mange fleire av) svir i låra, kroppen er tyngre en du eigentleg likar, ei veke til løp.

Du er ferdig med siste økta, prøver å kjenne på forma, er litt usikker på om du har lyst, kanskje ein skal vente til neste løp?

Dagen før er du hypokonder, er litt forkjøla, litt kvalm, litt slapp, har du feber kanskje? Kjenner spenninga når du tenkjer på løpet, når kvelden kjem er du rastlaus, pakker litt i baggen, vurderer sko og løps antrekk fram og tilbake...  Skal legge deg tidleg, men søvnen vil ikkje kome,
Vaknar tidleg, prøver å kjenne på responsen i låra når ein røyser seg opp frå sengja, er det futt i beina?  Er ein frisk? Kjennes kroppen normal ut? Frukost er viktig, ein treng mykje næring ut over dagen, men magen er litt spent, det går treigt å svelgje unna brødskiva….
Baggen er pakka, skoa bestemt og nista er klar, ein tusler rastlaust over stovegolvet fleire gongar, har ei n huska alt?

Kvar løpar har sine eigne førebuingar, eg kjem eit steg vidare når eg set meg i bilen, då er eg i modus,..løps modus.  Kroppen roar seg på eit vis, den er i kjent terreng, veit kva prosedyre som ventar.  Det er godt å vere tidleg ute, ha tid til å kjenne på stemninga, veksle nokre ord med kjentfolk, hente startnummer, få innpå ei brødskive eller noko anna næringsrikt, drikke godt, ja det er vel eigentleg ein heil vitskap , dette med mat og drikke før løp. Men om du er i tvil, gjer som du brukar på trening, det som kroppen er vant med.

Det er alltids spent stemning i garderoben, det er normalt å prate ned si eiga form, nokon er stille og fokuserte medan andre pratar som ein foss, alle er i modus, på kvar sin måte, på med pulsbelte, tigerbalsam, dei rette løps lestane, skoa vert forsiktig inspiserte og knytte på, ein slurk av drikkeflaska, det er tid for oppvarming.

Dei første spente stega er ofte toneangivande for resten av dagen, korleis kjennes det eigentleg ut? Har ein treffe med oppladinga?  Ein vil så gjerne kjenne på lette bein , nesten som ein flyg over asfalten, med lette steg…., Det skjer ein sjeldan gong, som oftast er ein der berre nesten, og av og til er ein tung, då veit ein det kan verte ein tøff tur.
Denne gongen på Sandsøya, hadde eg ein god følelse på oppvarminga, sjølv om eg ikkje har lada spesielt opp til dette løpet, så var formfølelsen betre en på lenge, smilet satt laust, ein vert styrka i trua på eit godt løp.

Dagens løype

Fem minutt til start, løparar i alle retningar, for meg er nøkkelen fokus, slappe av i kroppen, kome mentalt på plass.  Det er ikkje alltid like enkelt, det er mykje som skjer, mykje lyd og bevegelse. Eg meiner å ha nytte av det, lukke meg litt inne, gå gjennom løpet, kva plan har eg, kva vil eg  oppnå, kvifor driv eg med dette?  Spesielt på motbakkeløp er det mentale viktig, for her må ein verkeleg vere med frå start, ein må vere på hogget, og ikkje minst vere forberedt og ha vilje til å tåle smerte.

                                                 Starten (Foto Ingar Støyle Bringsvor)

Starten går, det pip i utallige pulsklokker, feltet legg som vanleg avgåre i høgt tempo, det er no det gjeld. Ofte huskar eg ikkje heile løpet, spesielt terreng og motbakkeløp. I desse løpa må ein vere konsentrert og ha fullt fokus på dei neste stega, passe på å ikkje snuble eller hekte i  busker og lyng, skaffe oksygen og prøve å passe pulsen, vere akkurat på rette sida av syregrensa.
På Sandsøya gjekk det greitt i ei ukjent løype, sleipt og vått, mold opp til knea, men du bryr deg ikkje, det er likt for alle, og du er i modus. Det er godt å kjenne kroppen jobbe på høggir, og at ein har krefter å spa på med, sjølv om siste bakken er seig, så har ein alltid ein spurt, siste hundre inn mot mål, gi det ein har. 

I mål er ein litt i ørska, tusler ustått rundt før ein får summa seg, prøver å tyde tida på klokka, leitar etter noko å drikke. Det er som regel ein god følelse, kjenne at ein har gitt det ein har, det er ikkje alltid resultatet er som ein hadde tenkt, men ein var ikkje betre denne dagen. Det er rart med det, det går ikkje mange minutta etter målpassering før tankane går, korleis verte betre, tenk om ein kunne ta ut enda litt meir, neste år…
Etter  løpet går praten,  løp og resultat vert diskutert, næring til ein trøtt kropp, ein dusj er vel fortent, kanskje ein liten premie og? 

I bilen på veg heim, tankane spinn, løpet vert analysert, gjekk det etter planen?  På Sandsøya fungerte det, kroppen var bra, kreftene heldt heilt ut, eg fekk ut det eg var god for, nesten…  


Men neste år….

tirsdag 24. mars 2015

Svette smil i Monte Gordo



”Kom ihåg , det här är LG buss…” Ei klar svensk stemme, ein klar beskjed, ein forventningsfull stemning, det regnar…, bussen snirklar seg oppover den portugisiske landsbygda, oppover dalen, lenger og lenger vekk frå havet, stranda og hotellet. Det er tid for langtur, den berømte eller var det berykta den var… fjelløkta.

Ok, du er ikkje med? Eg har tenkt på det mange gangar, tenk om eg, ein skarve hobbymosjonist, kunne få kjenne på følelsen, gjere som toppgutta, reise på treningsleir, ha fokus på trening, mat og restitusjon.. Ein dag eg blader meg gjennom Kondis, dukkar tanken opp i gjenn, eg greier ikkje å gå forbi annonsen, den lokkar, med skrifta ”Bli med Kondis på treningstur til Portugal” skal eg ta sjansen? Jau, eg har verkeleg lyst, men eg får sove på det.

Neste morgon har eg slått det frå meg, eg er no berre ein hobbymosjonist, eg har alt eg treng av både veg og sti,..nei, detta er nok for dei som er meir proffe en meg.



10 timar seinare, tunge løpssteg, kuling frå sørvest, regnet piskar i ansiktet, det er mørkt, vått og kaldt, i det sludden legg seg på augebryna er eg sikker, JA, eg tek sjansen, eg vil kjenne på følelsen!


Regnbya lettar, bussen stoppar og folket strøymar ut, nokon hit og nokon dit, på med jakke, av med jakke, korleis kjennes forma ut? Og kva distanse skal eg prøve meg på? Vi kan velje mellom ei runde på 10 eller 14km, og dei tøffe spring vist heile vegen tilbake til hotellet…….. Vel, forma kjennes bra, ja bortsett frå noko rusk i låra, eg har kjent det nokre dagar, prisen å betale for ein time med styrketrening, eller X-Body Fit som det heiter her nede. Eg går for lengste runda, det er då ikkje så langt? Første minutta går det bratt nedover, gjennom bebyggelsen, og ut i landskapet, hundar som bjeffar, appelsiner heng på trea, nokre høns klager høglytt….artig og bittelitt eksotisk. Tommy likar vist same tempoet som eg, for vi ender ofte opp ved sidan av kvarandre, eg likar det, for Tommy har roa, han er rutinert, han var her i fjor og. Det er liksom noko anna dette, det er ikkje som heime, bakken er brun, vegetasjonen er annleis, lukta er nesten litt søtleg. Eg smiler, kjenner beina går av seg sjølv, kjenner det liksom på kroppen, følelsen av løpsglede.




Det er nesten så eg trur at løperar er ekstra glade mennesker, svanskane også…. ; ) for rusler du ein tur gjennom lobbyen på hotellet, ja, så er det smil og latter, og alltid nokon å slå av ein prat med. Eg synest det er stas, med denne gjengen treng ein ikkje vere spesielt god på ”small talk”, historie, eller kunst…., for her kan du alltids berre spørje korleis beina er, så er praten i gong!


Tommy er sprek, han skal springe heim til hotellet. Eg har lyst, og innerst inne har eg vel bestemt meg, men siste biten av fjellrunda gjer meg litt betenkt. Det gjekk litt småtungt og eg kjenner det litt i låret og lysken, skal eg ta sjansen? Litt tøying, ei boks cola og litt mat hjelper på, bussen kan eg ta ein annan dag.
Eg koser meg i gruppa, legg meg bak Janicke og Tommy, stega ruller lett. Det er noko med desse to, turleder og ”lettbent”blogger Janicke og ”soft touch” Tommy med eit løpssteg så lett at han så vidt er i bakken,.. dei gir meg ekstra energi.
Det er ein lang bakke før første pitstop, eg kjenner meg bra, mange vil gå bakken for å spare litt krefter, eg likar no bakkar, så eg fortsetter litt til. Skal eg jogge heilt opp? Kanskje ikkje så lurt sidan så mange går,..men så kjem Tim, sjølvaste Kondispresidenten, han likar vist bakkar han og, å gå er plutseleg ikkje eit alternativ. Eg har lest Kondis i mange år, også ledaren, den skriv Tim. Så sig vi oppover då, side ved side, eg og presidenten.

Desse stoppa er noko for seg sjølv, nokre lokale stamkundar sit rundt eit bord, dei undrast vel på kva dette er for tull, men så er det vel ikkje kvar dag det er invasjon frå Skandinavia heller…. Men du verden, litt drikke og ein brødbit gir ny styrke i kroppen, litt bøy og tøy, og flokken er klar. Eg kjenner det litt, det er tungt å kome i gong etter stoppen, men kan dei, ja så kan vel eg og? Steg for steg, kilometer etter kilometer, eg prøver å nyte det, hadde det no ikkje vore for desse greiene i låra, ja så hadde det nesten vore lett. Oppover bakke, nedover bakke, i jamt sig nedover bygda, ein bil, eit tre, eit hus med kjøkkenhage, ein hund som bjeffar, naturen glir forbi.

Siste strekket og målet i sikte, dette må då gå bra? Gruppa er mindre, tempoet jamt, oppmuntrande ord blir veksla, snart glir vi inn i kjent terreng, ein bakke vi har testa før, ei rundkjøring og opp ein veg, følelsen er god, eg henger med, snart er det siste bakke. Låra er sure, leggen litt vrang, men det skulle berre mangle, opp siste bakken og rundt ein sving, vi er klare for parade.



Eg kan like godt seie det først som sist, eg har hatt ei kjempeveke. Eit supert opplegg, og ikkje berre springing må du tru, nei her var det tøying og styrke, yoga og core, stavgang og afrodans. Eg var litt spent, eg kjente no ingen, eg ein hobbymosjonist frå Møre, men dei var jo som meg og deg, heilt vanlege menneske som liker å trene, sveitte og kjenne på behaget etter ei treningsøkt. Det er vist iblant desse eg høyrer til, kjenner meg heime. Det berikande fellesskapet, dei gode smila, likskap uansett nivå, gode historier rundt middagsbordet, ja, det gir meirsmak her og no.

Så tusen takk til Kondis og Springtime for eit proft opplegg, til TSM for mange gode økter.


Eg ser for meg ein roleg tur ned den lange gågata og bort til hotellet, eg er trøtt, beina er stive, glad det snart er over. Det er lettbeint, soft touch, og meg, side ved side… farten aukar, eg ser på dei andre, dei ser rett fram, mot målet. Det skjer noko når ein løpar ser målet, spesielt om ein har nokon på sidan av seg, då gir ein seg ikkje. Så det skjer altså,..etter over 40 kilometer langs vegen, med målet i sikte, side ved side i ein durabeleg langspurt. Dei er kvikke, eg prøver å henge på, dette kan vel ikkje gå? Farta er stor, eg gir det eg har, vil ikkje hamne bak, opp på sida, eit siste gir, i mål vi jublar i lag. Løpsrus…




Takk til den fantastiske norske gjengen, Springtime, Kondis og Monte Gordo, og ein liten ekstra takk til Soft touch og Lettbent for godt lag vel 150 herlege kilometer!



Vi sjåast : )

Morgenjogg!

Herleg terreng!

Matstopp på lanturen!

Ingen sure miner....  ; )



Funka vist berre ei veke solgarantien på dette armbandet...








søndag 18. januar 2015

Off, det regnar

Det regnar på vindauget,
Stolen er god, det er ski på tv
Omnen varmar, det er  kaffi i koppen
Dette er vel livet?

Eg kjenner det på kroppen,
den er rastlaus
Det er  vel treningstid?

Men det regnar, mykje
Det er no ein må vere sterk, sterk i viljen
Kva kan eg skulde på? Er kroppen krank, er regnet vått?

Nei, på med jakka, knyt skoa, få kroppen over dørstokken
Ut i regnet, kjenn på vinden, kroppen frys lite grann
Bortetter vegen, framover dalen, nokre tankar sig forbi

Ut av vegen, opp mot skogen, en kjenner varmen stig
Vegen er bratt, kjøttmeisa skvatt, ei elv renn forbi
Oppe på toppen en puste kan, men dette er intervall

På andre turen en kjenner gleda, kroppen vil, han kan, ham kan
Pulsen er høg, bakken er bratt, ein kjenner hjartet slå
Nesten ein snublar, men opp ein tumlar, berre tre gonger til

Det er siste turen, det pip i luren, meir ,meir luft
Ein tenkjer på Skåla, det er eit av måla, full innsats her
På toppen ein pustar, kjenner ein lever, kursar mot heim

Langs heimveg ein tenkjer, kvar vart det av regnet? Var det der?
Kroppen  er trøtt, dusjen er varm, fleire tankar flyg forbi
Ein tanke vert til, eg sig ned i stolen,  Northug er i mål
..Dette ER livet, her og no.




søndag 11. januar 2015

Slik er stoda...

Bloggstilrapport, oppsumering 2013-2014


Ok, det er lenge sidan det har vore skreve noko skikkeleg her på denne bloggen, så då er det vel på tide å formulere nokre meir eller mindre fornuftige ord.  Sidan Blåfelden opp i 2013 har det no skjedd ein del, både sportsleg og på andre arenaer, og utan at eg skal gå i detalj, så kan ein vel sei at det har vore spennande og lærerikt på så mange måtar.

Ei kort oppsummering av  konkurransar og trening kan vi alltids ta:

2013


Geiranger halvmaraton- Bra løp, god dagsform , fekk syra siste 4km, stokk stiv i mål på 2.02 og solid pers! Litt skuffa over at eg ikkje kom under 2 timar då eg låg godt ann halvvegs.

Mefjellet opp-  Nytt løp for meg, fin løype, middels form, flott utsikt!

Saudehornet opp- Eit løp eg eigentleg ikkje likar, men stiller likevel,  brukbar form 1.08 og ny pers!

Skåla opp- Løpet ein tenkjer på heile året, Fine forhold, bra form, blodslit, krampe og ny pers på 1.40 og nokre små sekund.
Etter ein tung vinter og vår med overtrening og litt småskader så kan ein vel sei seg nøgd med denne sesongen!  Og  når ein ser framgang, og merkar at forma vert betre og kroppen sterkare så vert ein berre lysten på meir.  Motivasjonen framfør ein ny treningsbolk var god, og når ein har plagast med kroppen i den viktigaste treningsperiode, då ein verkeleg skal legge grunnlaget, så hadde det no vore kjekt å vite kva ein eigentleg kunne fått til med betre grunnlag.

Når ein har hus som skal pussast opp og Hjort som skal jaktast på, ja då vart den planlagde treningspausen etter Skåla Opp litt i lengste laget, ja fleire månader faktisk og når det då endar i ein skikkeleg seig halsbetennelse, så gjekk det litt trått. Men etter kvart vart skoa snøra og skrotten var i gong ,….trudde eg.
Det er ikkje alltid ting vert som ein hadde tenkt, av og til går det litt på tverke. Det tok litt tid før eg forsto det, kroppen ville ikkje vere med på hardøkta, pulsen kom sjeldan opp i mot maks, eg greidde liksom ikkje å ta skikkeleg i. Blod vart tappa, helsa vart sjekka, og det rare var at veka før min time med legen , ja så fekk eg følelsen av at ting var på gang, eg kunne presse på litt. Kyssesjuka,.. eg hadde fått kyssesjuka, eg som nettopp hadde begynt å kysse….., ja nok om det ; )  Blodprøva viste at eg hadde hatt dette viruset i kroppen, eg har nok vore heldig og fått ein mild omgong, men det forklarar kvifor kroppen har vore daff.

 2014

Forventningane til sesongen vart skrudd ned, og ein måtte berre erkjenne at grunnlaget eller motoren som trengst for motbakkeløp ikkje var tilstades, men då fekk ein heller snu litt på det, kanskje skulle ein prøve seg på flatt løp i staden?  Tja, det freista no litt då, og sesongen starta derfor med halvmaraton i Ålesund.

Ålesund Maraton- halvmaraton tatt litt på sparket, spent og nervøs før start, usikker på eiga form, fin løype, god dagsform og ny pers på 1.34.30 !

Geiranger halvmaraton- Eg likar dette løpet, ein kamp frå start til mål, det er så enkelt, det er berre å springe. Dårleg følelse før start, tung i kroppen, brukbart til halvvegs, deretter ein kamp mot krampar og negative tankar. Glad ein kjem i mål, 10 min etter fjorårs tida.

Jølster Maraton- halvmaraton langs vatnet, VARMT, finn ein bra flyt, koser meg litt faktisk, kjenner at kroppen er bra, tungt siste 3km, ny pers på 1.31.33 og klassevinner for første gong i mitt liv!

Hornindal Maraton- Varmt, veldig varmt,..noko som prega løpet, løype med vending etter 5 km, to turar, tungt mentalt, totalt tom i mål på 1.32.36

Saudehornet Opp- trening før Skåla, litt vanskeleg mentalt når ein veit at motbakkemotoren er svak i år, men grei dag, brukbart nøgd, litt svakare enn året før.

Skåla Opp- Hadde eigentleg ikkje tenkt å stille i år, og var derfor ikkje på hogget når påmeldinga opna, dette løpet er blitt så populært at konkurranseklassa er fullteikna på kort tid. Men det er rart med det, ut på sommaren vart freistinga stor, og med startnummer kjøpt på Finn.no, ja så vart det løp.
Tunge forhold, vått og sleipt, brukbar form, ein merkar at det er langt og høgt for å seie det slik, kniva med Harald Svein heile vegen, tok han heilt på slutten, og i mål 4 min etter fjordåret. Greitt nøgd med tanke på grunnlaget.

NordVest maraton- halvmaraton på Hareid, ny løype for året,  gode forhold, tung løype, god dagsform, hadde ein dårleg følelse undervegs, men klokka inn på  1.30.09 og ny pers!  Litt irritert over dessa 9 sekunda då!

Snipsøyrvatnet rundt- 12.5km, kjekt å vere med, god trening, merker at ein manglar fart, høgt tem på over tid, full fart frå start, brukbar form og i mål på 50.44 min.

Ålesund Nyttårsmaraton- halvmaraton, tunge forhold med snø og is, manglar mykje på ”sommarform”, dårleg oppladning, grei start, tungt siste 10, godt nøgd med 1.36.43

Vart ein lang sesong dette, med litt uventa resultat, kjenner at eg har funne gleda over å springe flate løp, kjekt å kunne variere litt! Godt fornøgd med å forbetre tida på halvmaraton frå 1.37 midt på nittitalet til 1.30.09 i haust. (fortsatt litt irritert over dessa 9 sekunda…)

Då va vi i mål gitt, vart ikkje noko bra skriveri dette, meir som ein blanding mellom rapport og skulestil, men eg måtte liksom få dette ned på papiret før bloggen kunne fortsette...snakkast!