torsdag 11. juni 2015

Eit slit,fra fjord til fjell, i Geiranger

”Du er berre på 7”
Eg tenkjer på dette talet, medan eg prøver å halde takta det lange strekkje oppover frå Djupvasshytta. Den mentale trenaren Eirik Bertrand Larssen  skriv i ei bok at du tåler mykje meir en du trur, og på ein skala frå ein til ti, så er du fortsatt berre på ein sjuar når du trur du har gitt alt,…


Nibbeløpet- frå fjord til fjell, 1500 høgdemeter frå Geirangerfjorden og opp på Dalsnibba, 21 lange bratte kilometer. Det er noko magisk med dette løpet, så enkelt men likevel så vanskeleg . Det er nok det som gjer det så fasinerande og utfordrande, og som gir drivkraft for nye forsøk.
Det er laurdag og eg er klar for mitt fjerde forsøk opp bakkane frå bussgarasja i Geiranger. I år har det vore ekstra spennande med tanke på vær og føre, ein sein og kald vår,  store snømengder i høgfjellet, rasfare og nysnø siste dagane har nok gitt arrangøren litt ekstra hovudbry.  Men vegen er bar, sola gløtter fram, det er ingenting å klage på.

Eg har hatt dette løpet som eit av hovudmåla denne sesongen, og har lagt opp treninga for å prøve å finne goforma,  har så lyst å få til dette her, har trena ekstra på bratte asfaltbakkar, og avslutta lange turar med ein lang motbakke, men vil det hjelpe? 

Eg er som vanleg ute i god tid, likar det slik, kjenner på stemninga, pratar med kjentfolk, det er sykkelistar, rulleskiløparar og motbakkeløparar i skjønn foreining.  Brødskiver og drikkeflasker, diskusjoner om taktikk, bekledning og forhold.  Stemninga er spent, spent fordi du veit kva slit som ventar, eller spent for di du ikkje veit…

PANG, starten går, ja i Geiranger er det ekte smell( cal 12) må vite, feltet legg i veg som om dei hadde styggen i hela, som vanleg. Eg ser etter Arve og Martin, dei har same målet som eg, den magiske totimers grensa. Saman sig vi oppetter bakkane, steg for steg, sving for sving, den er bratt denne første delen, vi tek det med ro, prøver å finne flyten. Det går litt i trappetrinn dette løpet her, med to nesten flate parti, berre for at du skal verte skikkeleg stiv siste bakken!
Eg er dårleg på å ligge i rygg, og som vanleg hamner eg i front av gruppa, vil helst ha plass framfor meg, finne mi eiga rytme, likar meg best slik.  Ved neste drikkestasjon ligg eg plutseleg litt framfor dei andre,..skal eg slakke på og vente? Dei er rutinerte og kjenner løypa godt, veit kva tempo ein må ha for å nå målet. Eg kan safe og følgje dei, eller kjøre mitt eige løp….  Tankane spinn,  fornuft eller ta ein sjanse?  Det er desse bakkene eg har trena for, og det er denne farta som følast naturleg for meg her og no.., kjør på!

Siste svingane før flata innover mot Djupvasshytta går det tungt, kjenner kroppen slit litt meir enn ein skulle ynskje, har hatt denne følelsen ei stund, og har for lengst innsett at det vert ein kamp i år og, for det er fortsatt ei halv mil til mål. Eg prøver å presse på litt på flata før hytta, men det er ikkje heilt det same å springe fort på flatt etter så mykje motbakke, låra vil liksom ikkje svare, steget kjennes rart.
Til venstre i krysset, vegen vert brått bratt, eg dreg pusten djupt, det er no det startar, den mentale kampen mot meg sjølv.  Sakte finn eg ei brukbar rytme, det er her eg leitar fram talet sju, det er så ufatteleg langt dette første strekket. Eg høyrer steg bak meg, men vil ikkje snu meg, for då har du tapt, seier sportskommentatorane. 
Svingen vert runda, ein slurk med cola prøver å finne vegen ned i magen, det er ikkje så enkelt, å drikke når pulsen er høg og kroppen pressa, løfter blikket og ser ein Sandsøying framfor meg, det er fleire som slit, kan eg ta han? Det skal ikkje meir til, berre eit glimt av kjentfolk og du greier å tyne litt ekstra,…..ei lita stund.  I neste sving kjem nederlaget, eg må gå. Når ein først girer ned i gange, så er det utruleg tungt å kome i gang å springe, men eg greier det denne gongen. Steg for steg, meter for meter oppover, eg tør ikkje sjå på klokka, er redd eg vert skuffa, det er enda eit par kilometer til mål.
 Arve sig sakte forbi, han seier vi er på rett side av to timersmålet, vil eg skal henge på og eg gir det eit forsøk, det går bra til svingen, der må eg gå, og han sig ifrå.
Det er ein lettelse å sjå målseglet, berre nokre hundre meter igjenn, men dei meterane er ikkje berre berre, først ein nedoverbakke før siste motbakken mot mål, ein farleg kombo for trøtte bein, men tanken på mål har sin effekt, eg bit tenna saman og pressar ut siste rest, sikkert ned på ein nier over mållinja, stopper klokka, prøver å fokusere synet for sjå,… meiner eg ser 1.59.37!

Pers..!

På toppen er det kaldt, eit par grader kanskje?  Bussane som tek oss ned igjen har tatt med våre sekkar med mat og klesskift opp,  lina opp etter nummer, klar for trøtte løpshjerner.  Dei fleste er i godt humør, letta over å komme i mål, slitet er slutt, praten går!  Eg smiler, er glad for endeleg å bryte to timersgrensa. 



Men eg er ikkje fornøgd, 
går rundt med ein skuffa følelse, følelsen av å ikkje treffe, ikkje få ut det ein har inne, følelsen av grei treningsform og ikkje god toppform, skuffa over å ikkje meistre siste 5 km..

I bussen på veg nedover bakkane kjem smilet, kjenner skuffelsen går over i motivasjon, det er tross alt berre eit år til neste Nibbeløp!





Litt snø..
Sving etter sving!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar