søndag 14. oktober 2012

Starten,...av galskapen


«So det er du som liksom skal vere den spreke her?..........» 


Vel vi får vel kanskje ta det frå starten av :

Januar 2010, ryggen er krank kroppen er tung, og dagane er lange i vintermørket, eg har god tid....avisa vert studert rimeleg nøye, kaffi og avis er no ein brukbar start på dagen! Eg legg til merkes denne annonsa frå Åst, kanskje hadde nokre veker som dreng på Reindalsetra vore flott til sommaren?

Etter nokre dagar der tankane stadig streifar innom dette, så er søknad sendt. Det kan ikkje skade å søkje i alle fall!


Juni 2010, eg er spent og klar for 4-5 veker i Tafjordfjella, veit lite om kva som ventar, men andre har overlevd, så då går det nok bra med meg og...
"Kva har eg gløymt"? Tenkjer eg i det eg startar bilen, vel eg finn det nok ut etter kvart.

I Valldalen stoppar eg og plukkar opp ei frøken som også skal til seters, ho ser sprek ut og kjem frå Bærum. Vi er nok like spente begge to i det vi selar på sekkane og legg i veg frå parkeringsplassen. Ho har stor sekk, eg ser omtrent berre skoa og hårtustane der vi ruslar langs vatnet, kan dette gå bra opp dei bratte bakkane? Eg trudde eg var i brukbar form, men med gode 100kg og tung sekk , får eg fasiten rett i fleisen i det høgdemeterane sig på, eg slit med å halde følgje.
Oppmuntrande......

Eg bergar meg opp første kneika, heldigvis er Reindalsfossen stor, og ei lita turistpause vert berginga, neste bakke vert verre, sveitten silar og det skrik i lungene. Heldigvis er det fleire som slit i bakken, opp i bakken står dugnadsfolk og kvilar,...takk og pris. Ein ting er i alle fall sikkert, her må det trimmast!

Dagane på setra går sin gang, mykje å få orden på i starten, og treretters middag kvar kveld er vel ikkje gunstig i lengda, trimming? Neeee,..i morgon kanskje!

Søndag startar med flaggheising, fortsetter med brendsnut til lunsj og rjomegraut til middag, magen er vel meir som eit trommeskinn..., men det er då ho kjem, ho Ingvild.

Ein kveld eller to seinare sit vi på terrassen etter ein stauta middag, trim har det framleis vore lite av, men ho Ingvild er sprek, volleyballspelar og greier, ho ser litt overberande på meg og seier»So det er du som liksom skal vere den spreke her?..........»

Dagen etter hadde ho sprunge opp til ei gammal furu, på tid.

Då var det gjort, konkurranseinstinktet var tent......let the game begin!!



(Ho slo meg med 9 fattige sekund det året, men det skal aldri skje igjenn....)



Eg held oppe steamen ut over seinsommaren, og deltek som mosjonist i Skåla Opp, sjølve gromløpet av motbakkeløp i norge. Turen opp går fint, og eg får følelsen av å vere i form, denne herlege følelsen av at ein kan fortsette oppover sjølv om ein er gåen, sjeldan vare!
Eg er på toppen etter vel to timar, og på turen opp har ein ide teke form i tankane, ...kor mykje betre form kan eg koma i i løpet av tre år? På veg ned steinura har eg eigentleg bestemt meg, eg skal prøve!

I skrivande stund har eg begynt på siste året i planen, å bygge «motor « for motbakke tek tid, men forma er stadig stigande, timane med trening aukar sakte men sikkert......galskapen lenge leve!