mandag 23. juli 2012





Plaga med høg dørstokk?


Kvifor gidd eg? Kvifor gidd eg gå over dørstokken og ut i regnet for å trene?

Har du vore på handletur og funne ut at storleiken på buksene ikkje er som før, at det er buksa som er mindre og ikkje du som er større?
Har du gått deg ein trimtur i ny og ne og vore trygg på at forma er god, men når motbakken kjem er det bråstopp og du pusta som ein kval?
Har du gøymt badevekta fordi ho må vere feil?

Eg har vore der, eg har handla større og større bukser, eg trudde forma var god, og badevekta kjøpte eg aldri nytt batteri til....

Har du komt heim frå arbeid og vore heilt tom, du berre sig ned i stolen og har lite overskot til noko som helst?
Eg har vore der,men ein dag var det nok, her må noko gjerast!

Treng du motivasjon sa du?

Ta turen ut på vaskerommet, fyll opp vaskebøtta med vatn, du kjenner ho er tung, ta med deg bøtta og gå tre gongar opp og ned trappa....du kjenne at pumpa må gå litt ekstra, og tenk så glad kroppen ville ha vorte om ein kunne sleppe å drage på desse 10 kiloa, kvar time, kvar dag eller veke,tenk så mykje lettare ryggen, hofta og knea ville jobbe!!

Og saken er at det skal ikkje så all verden til, du skal verken springe maraton eller springe på Skåla første veka, start roleg, ein tre kvarters gåtur to gonger i veka er ein kjempestart. Trikset er å finne rette intensiteten, mange let seg lure til å prate med trim kompisen heile vegen, og for all del, all aktivitet er bra, men du får mykje betre effekt om du periodevis går såpass at det er vanskeleg å halde praten i gong, greier du det er du godt på veg!!

Kroppen vår er skapt for rørsle, så om du kjenner litt verk etter første turane så er det nok
ikkje farleg, men kjensla av musklar som ikkje har vorte brukt på ei stund.


Så er vi einige då?
Det er vel berre å sette i gong?
Å gå å lure seg sjølv til å tru at forma er god,
at du kanskje skal prøve å trene litt meir til neste år er berre tull,

for det er faktisk DU som har ansvar for kroppen og helsa di,
det er DU som skal leve resten av livet med den eine kroppen du har fått tildelt,
og då er det faktisk DU SOM ER VINNAREN om kjem deg ut av stolen og over dørstokken!!!


( kanskje stille du som mosjonist på SKÅLA OPP i august neste år? )




søndag 1. juli 2012


Reindalseter...


Av ein eller annan grunn har eg ei slags dragning mot denne staden, i hjertet av Tafjordfjella, dette knutepunktet mellom øst og vest.....



Tunet på Reindalseter
Det er som regel stress og styr før ein kjem seg avgarde, men i det ein passerer brua i Tafjorden og tek til venstre oppover dalen, får ein godfølelsen, ein senkar skuldrane, det er liksom ikkje noko som hastar lenger.......


Denne helga var det innflyging av proviant og klargjering til opning som stod på planen, og ved Zakarias var gjengen i full gang med pakking av varer, viktig at rette varene kjem til rette hytta!

Kjem fuglen snart?
Fredagsmorgon er folket tidleg oppe, og veret ser bra ut, litt vindfullt,men skodda er i alle fall ikkje å sjå...så då med kaffi i koppen og god frukost i skrotten er vi klar!  
Medan vi ventar går vi ei ekstra runde, er alle vindu stengt? er alt laust sikra?

 Mange har vore med på dette før og veit kva som må gjerast.Lyden av den velkjente flapringa frå   helikopteret vekker folket,...vi er i gong!


Kva kjem no skal tru?


Akkurat der ja......
Returlast etter endt tjeneste..

Kortaste vegen inn...

Kaffipause mellom slaga!
Trangt på tunet, var det middagslukta dei kjente?
Uten mat og drikke.......
Det gjekk radig unna i år og, og det meste som var bestilt dukka opp og vart stua på sin rette plass, til og med den nye båten fekk ei testrunde på vatnet!

Eg må vel berre seia at det var litt fingje å reise ned i gjen etter kun nokre dagar på setra, då eg dei to foregående åra har hatt denne helga som starten på 4-5 vekers jobb her oppe , men sånn er no det. Eg vil i alle fall ynskje folket lykke til med sesongen!!