Plaga med høg dørstokk?
Kvifor gidd eg? Kvifor gidd eg gå over
dørstokken og ut i regnet for å trene?
Har du vore på handletur og funne ut
at storleiken på buksene ikkje er som før, at det er buksa som er
mindre og ikkje du som er større?
Har du gått deg ein trimtur i ny og ne
og vore trygg på at forma er god, men når motbakken kjem er det
bråstopp og du pusta som ein kval?
Har du gøymt badevekta fordi ho må
vere feil?
Eg har vore der, eg har handla større
og større bukser, eg trudde forma var god, og badevekta kjøpte eg
aldri nytt batteri til....
Har du komt heim frå arbeid og vore
heilt tom, du berre sig ned i stolen og har lite overskot til noko
som helst?
Eg har vore der,men ein dag var det
nok, her må noko gjerast!
Treng du motivasjon sa du?
Ta turen ut på vaskerommet, fyll opp
vaskebøtta med vatn, du kjenner ho er tung, ta med deg bøtta og gå
tre gongar opp og ned trappa....du kjenne at pumpa må gå litt
ekstra, og tenk så glad kroppen ville ha vorte om ein kunne sleppe å
drage på desse 10 kiloa, kvar time, kvar dag eller veke,tenk så
mykje lettare ryggen, hofta og knea ville jobbe!!
Og saken er at det skal ikkje så all
verden til, du skal verken springe maraton eller springe på Skåla
første veka, start roleg, ein tre kvarters gåtur to gonger i veka
er ein kjempestart. Trikset er å finne rette intensiteten, mange let
seg lure til å prate med trim kompisen heile vegen, og for all del,
all aktivitet er bra, men du får mykje betre effekt om du periodevis
går såpass at det er vanskeleg å halde praten i gong, greier du
det er du godt på veg!!
Kroppen vår er skapt for rørsle, så
om du kjenner litt verk etter første turane så er det nok
ikkje farleg, men kjensla av musklar
som ikkje har vorte brukt på ei stund.
Så er vi einige då?
Det er vel berre å sette i gong?
Å gå å lure seg sjølv til å tru at
forma er god,
at du kanskje skal prøve å trene litt
meir til neste år er berre tull,
for det er faktisk DU som har ansvar
for kroppen og helsa di,
det er DU som skal leve resten av livet
med den eine kroppen du har fått tildelt,
og då er det faktisk DU SOM ER VINNAREN om kjem deg ut av stolen og over dørstokken!!!
( kanskje stille du som mosjonist på
SKÅLA OPP i august neste år? )
Du skriver no godt Drengen.
SvarSlettHeilt sant me, e d! Godt skrive!!!
SvarSlettÅ so må vi krysse dørstokken og gjere d også, men d må verte i mårgå. No e d natta:-)