Saudehornet rett opp,....ei blytung affære!
Eg hadde følelsen heile veka, forma var ikkje på topp,siste treningsturane hadde vore tunge, men eg hadde likevel trua. Nokre dagar med kvile og samling av overskot skulle nok gjere susen, vart det for mykje av det gode kanskje?
Det yrer av liv ved småbåthavna i Ørsta slike dagar, det er her starten går ifrå, så det er bokstaveleg tala frå "tareblad til tinderad" som arrangøren seier. Mosjonistane er godt i gang med turen oppover bakkane når eg knyter skoa og starter på oppvarminga, eg er framleis optimist for kroppen kjennest bra ut. Dei faste motbakketraverane er på plass, eit ekstra sterkt startfelt denne gongen då løpet inngår i norgescupen i motbakkeløp. Sjølv han godaste Kristen Skjeldal får nok tøff konkurranse denne gongen med heile norgeseliten på startstreken.
"Pang", som vanleg legg feltet avgarde i eit høgt tempo frå start, eg prøver å finne farta oppover gatene i sentrum, i det feltet når første motbakkane har tempoet roa seg, for bakkane i Ørsta er lange og bratte. Grusvegen går bratt oppover og eg kjenner etter kvart at kroppen ikkje er i toppslag, "off, dette vert ein tung tur" tenkjer eg, bakken vil ingen ende ta, og eg slit......
Meter for meter sig ein oppover, er vel fleire som kjenner det og vel? Eg prøver å halde jamn fart, noko eg er rimeleg god på, ligge heilt på grensa, tyne litt ekstra der ein kan. Vanlegvis brukar eg å passere folk oppover bakkane, denne gangen er det eg som vert passert.....vert fort negative tankar av slikt, og den mentale jobben er stor og tung.
Eg har vel venta på det, for dagsforma kan ikkje alltid klaffe, eit stykkje opp i bakkane tenkte eg "jammen godt det ikkje er på Skåla eg skal",
Det er vått og glatt oppover mot Saudehornet denne dagen, siste biten oppover steinura må ein passe seg litt, steg for steg nærma toppen seg, eg har heldigvis sett utsikta før, for skodda er tett. Eg dreg på smilebandet i det målseglet kjem til syne, for eg har fått følelsen,på dei siste par hundre høgdemeterane har eg auka farta, forma har liksom "løsna" litt og eg har kunne trykke på oppover, kjekt med ei god avslutning om ikkje anna!
(Foto: Knotten) |
På veg nedover bakkane er eg vel ikkje så veldig fornøgd, tida var vel grei nok, men det er så forferdeleg irriterande å ikkje få ut det ein er god for............
Du prikka inn forma til neste motbakke, bror! Kanskje du skal kåme hit opp å prøve dej på monsterbakkane på Heimdal...? Hint, hint!!!
SvarSlett