Det er vel på tide med litt skriverier og anna tullball etter lengre tids pause, det er no så rart med det, tida går fort og vips,..så er det halvanna år sidan sist eg skreiv noko. Så til stor lettelse for publiken. så er eg framleis fullt oppegåande, og slit både joggesko og treningsklede! ; )
Starter forsiktig med eit lite skrableri i full fart, så for eg ta ei lita oppsummering av løp og motbakker etter kvart.
Haust
Det er mørkt
Lufta stryk deg lang
kinnet
Den er kald
Pusten går
Sko mot grus
Oppover oppover
oppover
Tankane svirrar
Kroppen jobbar
Lykta viser veg
Det svir i låra
Pulsen slår
Oppover Oppover
Oppover
Opp på toppen
Av med lykta
Det er eg og
stjernene…
Du overaska meg stadig du...sonen min.
SvarSlett