torsdag 31. mai 2012


Ei heilt vanleg trening...


Det er treningsdag i dag, eg sit i godstolen, har akkurat fått i meg middagen (vart noko enkelt i dag også), eg er trøytt, det er godt å slappe av etter ein travel arbeidsdag, kanskje hadde det vore lurt å droppa heile treninga i dag? Det frista litt, men nei,..det er vel noko som heiter treningsdisiplin er det ikkje?

Eg får i meg godt med drikke og knyter skoa. Det vert fjellrunda i dag, eg hadde eigentleg tenkt asfalttur, men ryggen er litt lei etter mykje tak arbeid siste tida, så då vert det ulent terreng.

Kroppen kjennes tung første biten opp mot Grøthornet, det er alltid sånn, eg er alltid tung å få i gang...er vel ingen ungdom lenger heller. Men det lysnar etter kvart, og ganske kjapt vil kroppen springe! Eg signerer i boka og kursar mot Svedahornet, dette er første testen, opp her er bakken lang og bratt, det kjennes i låra og eg tek skikkeleg i siste biten opp.
Vinden er kald på toppen, eg er glad eg tok vindjakka,..det er nok ingen varm sommarkveld sjølv om sola skin. No er det langstrekket innover fjellet mot Keipen, her er det berre å lange ut, det er herleg når kroppen fungerer og steget sitter. Ein slik tur gjer ikkje godt berre fysisk, det er også fantastisk mentalt....tankane flyg liksom, og på tur innover er det så ymse som dukkar opp,.. skal eg på løp laurdag? Nei, eg held meg til planen, korleis skal eg toppe forma inn mot Nibbeløpet? Kanskje burde eg bestille overnatting? Oj, lisjesystå har snart bursdag, skal tru kva eg skal finne på? Tankane går alltid innom Reindalsetra på slike turer, også i dag, berre ein månad til opning der no.

Plutseleg er eg på Keipen, eg signerer kjapt og krysser over mot Torsethornet, kroppen er verkeleg sprek i dag, men har eg opna for hardt? Over myrene har eg mold langt opp på leggen, var det ikkje han Estil som sprang så mykje i myr? Då er det heilt sikkert god trening! Ryggen opp mot toppen er tung og seig, kor longt opp greier eg å springe i dag? Eg tek til fornuften og går siste meterane, kan ikkje få syra endå.
Som mange ganger før undrar eg på kvifor det er så lite folk å sjå i dette flotte tur terrenget, dumt at det ikkje vert meir nytta, det hadde nok gjort godt for mange.....

Etter ein U-sving på Veten er det nokre meter tilbake før nedstigninga mot Nyksvatnet, eg kjenner det i låra, bremsene kokar og det er godt å sleppe laust på flata. Ut mot Lomskjønna er det seigt, mykje myr, dagens siste signering er i boks, no er det berre sjarmør etappen i gjen!
Kjenner eg begynner å gå tom, skulle hatt meg ein sånn drikkesekk kanskje? , krysser elva og gapahuken vert passert i godt driv, eg har faktisk litt å gi fortsatt, dette må da ha godt fort? Det er lett å verte lurt av fartsfølelsen,men i dag har eg trua.

Opp siste bakken gir eg det siste eg har, det er denne følelsen eg leiter etter, følelsen av at du berre kan skuffe på utan å bli full av mjølkesyre,..herleg!

Eg ser på klokka i det eg når asfalten, oj...har ho stoppa?

Nesten så eg ikkje trur det, solid ny pers!!

Av og til har ein slike dagar, måtte dei kome til rett tidspunkt ut over sommaren!

Ta deg ein tur du og, det gjer godt både for kropp og sjel.



Veten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar