lørdag 18. november 2023


 

Forord

8år etter siste innlegg, så fall eg for fristelsen til å skrive eit nytt, mykje har skjedd i løpet av den tida , og kanskje kan det kome meir om den reisa i eit innlegg seinare, men først litt om slik det er er no og mine tankar om det.


Ein motbakke av det lange slaget


Eg saknar å springe

Eg saknar å vere god på noko

Eg saknar å fare på arbeid kvar morgen

Eg saknar å vere med, vere med i eit arbeidsfellesskap

Eg saknar å kjenne fredagsfølelsen..

Eg saknar

Eg saknar at kroppen fungerer som den gjorde før den sa STOPP..,

Eg tenkjer på det kvar dag, vil eg verte frisk?

Frisk? "Du ser då ikkje sjuk ut" seier du..

Nei, eg ser nok ikkje sjuk ut, sjølv om eg har lagt på meg nokre kilo, men det er ikkje alt som synest uttapå. Husk på det, det er mange sjukdommar og plager som ikkje treng vise i det daglege. Og det kan vere både frustrerande og vanskelig,  å heile tida skulle forklare.., i motsetning til dømes ein gipsa fot er ganske sjølvforklarande.

Men kva feilar det meg?
Eg er ikkje heilt sikker
Etter 4,5 år, utredning for det eine og det andre, mange liter blodprøver, helsefaglig ekspertise som fysioterapeut, psykolog, psykomotorisk fysioterapi, naprapat, kiropraktor, i tillegg til opphald og opplegg både her og der, ja og sjølvsagt fastlege, så er det ikkje noko fasitsvar på det spørsmålet.

Men, ein har utelukka alvorlige sjukdom og slike ting,  og godt er det.  Dermed havnar ein i sekken for det som vert kalla utbrenthet, fatigue, kanskje grad av ME.

Nokre dagar er gode dagar, der ein føler at energien er god, haudet og kroppen spelar på lag, eg smilar litt ekstra slike dagar, og kjem det mange slike dagar på rad, ja då får ein trua på betre tider. Ein vert optimistisk og drøymer om å kome igong med oppgaver og prosjekt ein har tenkt på, og å koma seg i arbeid, ikkje minst.., slike dagar gjer godt.
Neste morgon er plutselig tung, vakne med haudeverk og kroppen er tung som bly, planane fell litt i grus, og ein har meir enn nok med det daglege, ser fram mot å legge seg og håpe morgendagen vert betre...., bøtta med energi går fort å tømme, men lang tid å fylle opp.

Det er frustrerende å ikkje fungere som ein vil, ikkje vite om morgendagen vert bra eller dårlig, ikkje få starta eller fullført alle prosjekt og planar ein hadde, og ikkje minst føle seg normal,.

Eg prøver å vere optimist, vere positiv, tenkje framover og ha trua på at forma vert betre.  Men ein vert prega, prega av egne tankar, runddansen i nav systemet, utgreiing og utredning, spørsmål uten svar, uvissheita og kanskje aller mest følelsen av å ikkje strekkje til, og når ein så enda opp med uføretrygd og får hønnørkort i posten, ja, då skal ein jammen vere sterk i skallen for å ikkje føle seg litt degradert, avskilta eller litt på utsida, eg skal ærleg innrømme at akkurat det, og situasjonen ein står i set spor i den psykiske helsa, som ikkje nødvendig vis er berre enkelt å finne vegen ut av. Slike tankar vert ofte ikkje snakka så mykje om, men kanskje er det det viktigaste ein gjer i ein slik situasjonen,  å lufte tankar, snakke om korleis ein egentlig har det....


Frisk luft gjer godt, kome seg ut, rusle ein tur. Eg har ein stubbe opp i høgda, med utsikt over Volda, og i tyngre stunder har eg ein regel for meg sjølv om å stoppe på turen, sette meg ned der å tenkje positive og gode tankar, sjølv om det og kan kome ei tåre eller to, det er ikkje farleg. Eg tuslar vidare lettere til sinns..


"Men livet må gå vidare", er vel eit kjent sitat, og det gjer det, heldigvis! Eg er heldig, det kunne vore verre, eg er stort sett oppegående, har gode folk rundt meg ( tilfeldig at eg gifta meg med ei sjukepleier?) og vaknar med eit smil kvar morgen..., stort sett iallfall!

For ein vakker dag skal eg snøre på meg joggeskoa og springe Rotevatnet rundt, eg veit ikkje når, men eg har tru på at den dagen kjem nærmare for kvar dag som går!

Så til slutt, kvifor skriv eg dette? Jau, det er ikkje for å få sympati, likes eller klage, og det krev litt å skrive om dette, men dersom ein av dykk som les, tenkjer at " eg og har det litt tungt av og til, og det vist ikkje unormalt" så er det verdt det. 

Det å ha det litt tyngre både fysisk og ikkje minst psykisk i perioder av livet, det er slett ikkje unormalt, og har du noko som tyngjer, så del det med nokon, det er ikkje enkelt, men så utruleg verdt det!


"Alle du møter kjemper en kamp som du ikke vet så mye om, 

det gjør nok du også på din måte, 

derfor trenger vi ikke å være noe annet enn snille med hverandre, 

livet sørger for resten."

(Ukjent forfatter)


Ha ein strålande dag, vi snakkast! 😉