lørdag 22. desember 2012

Er vi på rett veg?


Eg tek det i meg, eg undrar...kvar vil dette ende hen? Eg står på eit kjøpesenter i desember, pose på pose med varer er på veg ut dørene,..stressa småspringande foreldre med eit haleheng av sure ungar på slep..., småsvette karar som ser visakortet bli raudglødande, sånne som meg som virrar omkring i ubestemmeleg retning undrande på kva ein skal finne på i år...

Det er noko med det, JUL..., ordet har liksom eit sus av forventning over seg, og det trur eg dei aller fleste av oss har, vi har litt forventning til Juletida. Men kva er det eigentleg vi forventar, eller vil at desse dagane skal vera?
Desember har vorte den store handlemånaden, julegåver er no greit nok, men desse store butikkjedene har vist bestemt at det meste du har av elektronikk og slikt i heimen er gammalt og umoderne, og at du er tulling om du ikkje kjøper det aller siste, og du må i alle fall kjøpe det til jul må vite.

Heile hausten har ein gjerne jula som ei gulrot å sjå fram til, for då skal vi kvile oss, ta livet med ro og bygge opp overskot til å møte ein mørk og kald januar, men vert det slik? Tja, for nokon kanskje, dei som har lært seg kunsten.... Dei aller fleste i dagen samfunn startar allereie tidleg i desember med å bygge opp stress og heise skulderblada opp under øyra, siste veka før jul greier dei knapt puste, og når julaftan kjem og ribba kjem på bordet er dei så gåen at dei mest har lyst å legge seg. Det er vel ikkje slik det skal vere?

Julefeiringa er sterkt prega av tradisjonar,og ting skal vere som det alltid har vore, og aller helst som det var når vi var små,... kven huskar ikkje ein julaftan formiddag som aldri tok slutt, mandelen i grauten ein aldri fekk, og klokka som aldri vart fem?
Men når lukta av dampa fåreribbe endeleg dukka opp på kjøkkenet, og mor dekka langbord i stova, viste vi middagen straks var klar. No var det vel eigentleg ikkje maten vi venta på? Vi gjekk alltid rundt juletreet, song etter song, runde på runde, det tok liksom ikkje slutt, for hadde vi ikkje gløymt ein song kanskje?

Så var det sjølve finalen då, eit berg av pakkar i alle former og storleikar,skal tru om den store der er til meg?
Slike kveldar sovnar ein med eit smil om munnen, godt fornøgd med alle dei flotte tinga ein har fått, av både brukelege og ubrukelege ting. Juledagsmorgon...ein av dei beste morgonane for heile året, vaknar og lurer på om gåvedrysset kvelden før var berre ein draum, mor lagar til ekstra god frukost medan ein kikar gjennom sine nye eigendelar.... Slik var det før, eller i alle fall då eg var yngre. Kanskje er det noko av dette vi gjerne vil at jula skal vere?

No er det berre nokre få dagar til Julaftan, så senk skuldrane, du rekk det meste i år også, ta deg tid til å kjenne på julestemninga, det er ingen krise om øverste hylla ikkje er vaska, eller om juletreet står litt skeivt på foten. Det er praten rundt frukostbordet og slekts diskusjonen under middagen du huskar, det er ingen som tel kake sortar under juleselskapet, for det er den gode kommentaren og gjensynet med slekta du tenkjer på i ettertid.

Så folkens, ha ei aldeles strålande jul, og det du ikkje rakk i år kan du vel alltids rekke til neste jul...,og for all del, ein trimtur mellom kakeslaga skader aldeles ikkje!!


GOD JUL!




1 kommentar:

  1. Du Bjørn du Bjørn, du er jammen gode du.

    SvarSlett