søndag 27. mai 2012


Galskap?


Det er eksamens tid i Mai, også for meg, det er no treningsgrunnlaget som ein har lagt ned i haust,vinter og vår skal opp til eksamen. Pinseaftan er det nemleg tradisjonen tru Blåfelden Opp, eit av mange såkalla motbakkeløp som vert arrangert, dette er ekte, ekte motbakkeløp, det er ikkje spesielt langt eller spesielt høgt, men det er bratt, nesten 900 høgdemeter rett opp frå Syvdsbotnen.

Ein kjenner det på kroppen veka før, dei siste treningsturane prøver ein å vurdere forma, er kroppen lett? , er spensten på plass?, korleis er eigentleg forma i forhold tili fjor? Og kor mykje skal ein eigentleg trene siste veka? Ikkje rart ein er ein smule spent når dagen nærma seg.

Ein vaknar tidleg, kjenner litt spenning i kroppen, allereie på veg opp av senga kjenner du etter, ..korleis er dagsforma? Rastlaus går ein fram og tilbake på stovegolvet, har ein huska alt? Har ein ete nok og rett mat? Kva skal ein ha på seg? Av og til har ein mest lyst til å kutte ut heile greia, men nei, her er det berre å koma seg avgarde.


I det du set deg i bilen er du i gang, fokus.


Sola skin frå skyfri himmel i det eg svingar inn i Syvdsbotnen, det er varmt i sola, har eg huska solkrem? Det er mykje folk ute tidleg på ein laurdag,mange med fjellsko og sekk., allereie i det eg parkerer bilen kjenner du lukta, lukta av tigerbalsam.....yess, det er løpsdag!

Eg er alltid ute i god tid, men her har eg selskap av andre smånervøse sjeler, har sett dei fleste før, og på veg bort i sekretariatet er det dei vanlege frasene det går i,..»du er her ja»...fint ver,..korleis er forma? Det merkelege er at alle er i dårleg form, og ingen har spesielt god tru på eigne prestasjonar...,men sånn er det, og det er heilt vanleg prosedyre å snakka ned eiga form før løpet, det gjer nok eg og.

I sekretariatet sit blide folk som gir deg startnummer og sjekkar vekta på sekken, ja for i mange motbakke løp er du pålagt å ha med sekk på min 2,5kg. Dette for at folk skal huske/ ikkje vekk prioritere kle og mat. På veg mot bilen spør eg han Hjelmeseth, ja han Oddbjørn ja, korleis forma er?(som vanleg) « Den har vel sett betre dagar» seiar han og humrar.

Litt drikke og litt å tygge på, mine naboar på parkeringsplassen går rundt å skular på kvarandre, eg ser på klokka og tenkjer at denne gongen skal eg varme opp skikkeleg...he, varme opp før ein fjelltur liksom? Jepp, så gale er det! Kroppen kjennes grei ut på oppvarminga, det er mange som spring fram og tilbake, det nærmar seg start, speakeren annonserer 10 min til start, eg tek siste slurken av flaska og ruslar mot startstreken.

Tida er koma, er eg klar? Eg prøvar å roe heilt ned, går mentalt gjennom løypa, planen er enkel, halde i gjen litt til skogen er passert,..så er det berre å gi jernet.
«PANG» Feltet legg avgarde i høgt tempo, eg legg meg midt i feltet, dei første 800 meterane langs vegen går fort,..for fort? Eg er i tvil, dei første minutta opp bratta er spennande, korleis er eigentleg forma? Nokre møter veggen ganske kjapt, dei lærer kanskje til neste gong, tenker eg, eit stykkje opp i skogen har den lange rekka delt seg i grupper, eg held ganske lett dei framfør meg, skal eg gå forbi? Det er tidleg i løpet og eg er livredd for å opne for hardt, berre den farts aukinga som må til for å passere kan vere nok, men eg tek sjansen.

Halvvegs og beina fungerer bra, eg ligg å balanserer på syregrensa medan eg prøver å følgje mannen foran,..han verkar sprek, eg er på nippet til å sleppe fleire gongar, men så..der, han tok eit kvilesteg, han er faktisk gåen han og, ikkje søren om eg skal sleppe!

Siste biten opp langs ryggen er seig, det gjeld å ha fokus på neste steg, tenkje positivt og ignorere smerte.For dette er vel eigentleg sjølvpining?   Akkurat over høgste punktet får eg syra, låra er stive som tømmerstokkar når eg prøvar å auke farta inn mot mål, over siste snøbreen går beina i alle retningar...FOKUS no Oksavik,FOKUS!

Over siste kanten og målseglet er rett framfor meg, eg tek ut siste kreftene og spurtar i mål..YESS!!


Han sjølv ja,..  (bilde frå Kondis.no)








Og forma? Den var betre en forventa!!!!

På vegen ned bratta går tankane på neste treningsøkt.....GALSKAP? JEPP!!!!!!


http://www.kondis.no/therese-sjursen-med-ny-loeyperekord.5058546-127693.html





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar